|
Eit førebilete for dei andre

Dei gamle er eldst heiter det, og for VIL-spelar Arne Nes gjeld dette ordtaket både på og utanfor bana. På torsdag spelte veteranen sin fyrste kamp frå start på fleire år, og fekk her vist at han framleis er ein habil fotballspelar. I tillegg til dette viste han tidlegare i veka at han og dreg lasset utanfor bana, då han var fyrste VIL-spelar som betalte treningsavgift for 2009. "Når eg fekk beskjed om at årets treningsavgift skulle inn reiste eg sporenstreks heim og betalte, var ingen grunn til å venta med dette", seier Arne til Veitastrond.com. Det er ein kjendt sak at Arne alltid har vore ein som er tidleg ute, uansett om det gjeld å møta opp til avtalar, bestemma seg for om han blir med på ting eller ei og no altså viser han det igjen ved å betala treningsavgifta rekordtidleg.
Medan nokon ennå heng etter med betalinga frå 2008, vart treningsavgifta for 2009 gitt til spelarane på treninga tysdag denne veka. Kr 1.600,- er det kvar enkelt må ut med, og klubben vonar at pengane skal vera på konto så snygt som mogleg.
Arne Nes er ein som har skjønt dette, og såg ingen grunn til ikkje å spela på lag med klubben i sitt hjarta;
"Eg var heime frå treninga på tysdag ca kl 22:45. Det fyrste eg då gjorde var å busa inn i stova der kjeringi sat framfor datan. Denne tok eg ifrå ho, og sa at no er det min tur til å sitta på datan - det vil seia at eg sat sjølvsagt ikkje oppå datan, då trur eg ikkje eg hadde hatt noko data som virkar lenger", seier Arne medan latteren sit forholdsvis laust.
"Neida, for å vera litt seriøs her. Eg tok altså over PC`en, logga meg inn på nettbanken og overførte pengane. Heile seansen tok meg vel ca 1 minutt og 23 sekund, og etterpå har ein det utruleg godt med seg sjølv", held Arne fram som faktisk betalta treningsavgifta før han gjekk i dusjen. Til trass for at han betalte treningsavgifta i mellomtida var han ferdig dusja i 11-tida; "Når eg kom ut frå dusjen hadde eg nesten gløymt kva eg gjorde på datan - så fort gjekk det faktisk"
Riva av dei øyrene
Arne som ofta har fått høyra at han må ha blitt fødd 5 minutt for tidleg vert forferda når han høyrer at det store fleirtalet av spelarane ikkje har betalt endå;
"Er det verkeleg mogleg? Her må kvar enkelt tydlegvis gå i seg sjølv å gjera si plikt for klubben"
Han har og planane klare for kva som skjer med dei som ikkje har fått fingen ut til fyrstkommande tysdagstrening;
"Du kan helsa frå meg og seia at eg skal riva øyrene av samtlege som ennå ikkje har betalt når me kjem ut i neste veke"
Veitastrond.com finn det for godt å avslutta samtalen med Arne der, og takkar han samstundes for sitt bidrag til både klubbkasse og heimeside. Så gjenstår det då å sjå om Veitastrond sine spelarar vil møta til neste veke fattige på kronasje eller utan øyrer...
|