Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  "Eg kan ikkje sjå kven som skal slå oss no"

Veitastrond fekk ein pangstart på haustsesongen ved å slå Lærdal 3-1 heime på Leikvoll forrige helg. Med 3 poeng i denne kampen er me berre 2 poeng bak Førde 2 og sikker plass på tabellen. Til helga møter me nettopp førdianarane til dyst og det er ein skikkeleg 6 poengar av ein kamp me står ovanfor. Sjølv om ein skulle tru at nervene står i høgspenn hjå dei fleste i VIL-fotball går i dag veteran Arne Nes offansivt ut og seier han er sikker på siger til helga og han stoppar ikkje berre med denne eine kampen; "Etter det me presterte mot Lærdal forrige helg er eg bombesikker på ny siger til helga, og eg trur faktisk me kan gå igjennom heile haustsesongen ubesigra. Eg kan rett og slett ikkje sjå kven som er kapable til å slå oss i denne divisjonen no", uttalar Arne som framleis har eit håp om at Veitastrond skal klara opprykk til 3.divisjon alt i år.

Arne Nes er ein av dei som kan kalla seg Veitastrond sitt ansikt utad. Han er 34 år, erke-ekte veitastrending og har vore med på eventyret til VIL-fotball sidan starten i 2004. Han er den spelaren som har spelt 6. flest kampar med sine 55 opptredener, har scora 29 mål og i siste kamp før sommarferien fekk han sitt fyrste raude kort etter å ha pådrege seg to gule mot Askvoll/Holmedal.

Me i Veitastrond.com hadde høyrt rykter om at Arne var klarare enn dei fleste til haustsesongen og me tok oss dermed ein tur heim i gardane for å ta ein liten prat.

Grunna utvisninga stod han over kampen mot Lærdal, og han fekk anledning til å analysera laget sitt frå sidelinja. Me byrja med å spørja korleis det var å sjå denne kampen frå utsida; "Det kribla sjølvsagt i beina når eg såg lagkameratane utpå der. Eg veit og kor viktig eg er for laget så det var lett å sjå på spelarane at dei savna meg, dei hadde dette "kan du ikkje komma innpå å spela litt med oss Arne"-blikket. Likevel er eg imponert over korleis dei løyste oppgåvene utan meg, og når eg og eit par andre kjem attende på laget kan dette berre gå ein veg"

Satsar på 11 strake sigrar og 3.divisjon

Med 10 kampar igjen, der 7 er heime går no Arne for å henta heim 3-poengar etter 3-poengar; "Japp, det gjer eg nok. No kjenner me laga me skal spela mot, og det er uaktuelt med fleire tap for å sei det slik. Eg må berre få poengtera igjen at eg ikkje i min villaste fantasi kan sjå kven som overhovudet kan ha ein mikroskopisk sjanse til å slå oss på hausten - det er null sjanse, absolutt NADA", uttalar ein usedvanleg bastant Arne medan han neste frådar rundt kjeften.

Arne meinar laget var uheldige i vårsesongen, og at det berre var marginar som gjorde at me blanda oss inn i botnstriden. Han trur ikkje det blir noko meir snakk om botnstrid og nedrykk utover hausten; "Nei nei og atter nei. Dette med nedrykk er eit ikkje-tema i klubben. Her snakkar me kun opprykk, og det at me låg under nedrykkstreken etter halvspelt serie var berre tilfeldig. Me tapte 9 kampar på våren og dette skuldast anten rein uflaks, eller dårleg dommar - er heilt utruleg korleis alle dommarar i Sogn og Fjordane ser ut til å hata Veitastrond", glefser Arne til reportaren frå Veitastrond.com og slår neven knallhardt i bordet så kaffikoppane våre flyg vegg i mellom heime i stova på Øyna.

"Såg du dei koppane?", spør Arne - "Det var motstandarane våre medan me filleristar dei i kamp", humrar han og skrik ut på kjøkkenet til ho Kristina at ho må komme med nye kaffikoppar.

Fyrste stikk til helga

Arne gler seg no til Førde 2 kampen på søndag og han tykkjer synd i dei unge førdianerane; "Det er eit ungt lag me møter, og det er aldri morosamt å slå dei som er yngre enn seg. Likevel kan me ikkje tenka på dette på søndag, då det einaste som står på programmet er å slå desse byfolka så langt ned i fotballskoa som det går an"

Me spør om han vil våga seg med eit tips til denne kampen; "Skal me sjå du. No er no eg attende på laget så då gjer nok det nokre mål ekstra, tja, me seier 8-0 siger til Veitastrond. Trur Kvammen held nullen denne gongen - til ein forandring vel og merka..."

Praten vår med Arne går mot slutten og me er i ferd med å pakka i saman å gå heim. Akkurat i det me står i døra for å ta farvel hukar Arne tak i armen min og seier "DU!, veit ikkje om eg fekk det med, men det er flott om du poengterar at det er større sjanse for å finna ein synål borte i siloen min enn det er at nokon kjem til å ta poeng mot oss no i haust, for eg kan nemleg ikkje sjå kven som kan slå oss no"

Me nikkar, noterer, Arne slepp armen min og me takkar for praten. Me ynskjer Arne lukke til vidare med sesongen, og vonar at spådommane hass vil slå til utover haustsesongen.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com