|
Åsmund Øgar - just another new kid in town...

...and everybody`s talking about the new kid in town.
Me lev i ei tid der lokale klubbar kjempar om å få tak på dei beste spelarane, og der slonkne spelarstallar ofte er gjengangaren. Veitastrond har og merka dårleg fangst på årets overgangsmarked, og me vart difor ekstra glade for ein telefon som Emil Heggestad fekk på tysdags ettermiddagen. 24 år gamle Åsmund Øgar tok sjølv initiativ til å kontakta klubben og spurte om han kunne få lov å trena med Veitastrond og etterkvart spela på seg ein kontrakt. Dette var sjølvsagt kjempegreitt for oss, då me kjendte sopass til Øgar frå før at me visste at han har mykje fotball i seg. Åsmund fekk sitt fyrste møte med VIL på trening samme kveld, og kjem truleg til å få sin debut allereie til helga mot Fjøra.
Åsmund Øgar er 24 år gamal og er oppvaksen i Sogndal. For dei som no sit å lurer så kan me røpa at ja, han er sonen til fylkeslege Petter Øgar, og dermed og veslebroren til Sindre Øgar som skulle vera eit kjendt fjes for strendingar flest.
Etter vidaregåande skule i Sogndal så gjorde Åsmund som mange andre, han flytta til Bergen for å gå på skule. Her tok han utdanning innan læraryrket, og i følge han sjølv er dette neste fullført. No har han fått nok av bylivet og han har flytta heim til Sogn, og er for tida jobbsøkande.
Fotballkarriera
I likhet med sine to brødre (Eivind og Sindre) var og Åsmund aktiv fotballspelar frå aldersbestemt og fram til nokre år med seniorfotball. Han fekk med seg nokre sesongar med Sogndal 3, samt at han hadde eit lite opphald i Bergen Nord. Han har no ikkje vore aktiv på ca 3 år.
Åsmund er ein liten og kvikk spelar, som er noko så sjeldant som venstrebeint og dette er sjølvsagt attraktiv vare. Han er i utgangspunktet ein venstre kantspelar, men han vil og bli aktuell som både venstreback og sentral midtbane. Altså ein allsidig spelar, som me heilt sikkert vil få mykje glede av.
Beste alternativet
I og med at han ikkje har noko særleg tilhøyrighet på Veitastrod og heller ikkje kjenner så mange på laget var det ekstra kjekt at han sjølv ringte og sa seg klar til teneste.
Han hadde fått anbefalt Veitastrond Fotball av vener og kjende og på spørsmål om kvifor han valgte Veitastrond framfor andre lokale klubbar seier han; "Utifrå aktuelle klubbar virka Veitastrond som den desidert mest attraktive klubben å spela for, og heilt klart det beste alternativet"
Med slike uttalelsar så går han sjølvsagt rett heim hjå fansen, og me ynskjer Åsmund hjartleg velkommen til klubben og vonar me får mange fine stunder saman.
Dei som har lyst å sjå vårt nye stjerneskot bør ta turen ut i Sognahallen på laurdag der Åsmund truleg får sin debut mot Fjøra.
|