|
Assistenttrenaren har ordet

Veitastrond Fotball har no hatt nokre dagar på seg til å suga på opprykkskaramella, og endå sit nok dei gode kjenslene godt i oss. Me i Veitastrond.com har no fått assistentrenar Richard Nes til å uttrykka sine meiningar og kjenslar over den store prestasjonen av den vesle klubben.
"Kjære spelarar, fans og alle de andre som bryr dykk om klubben vår.
Fyrst og fremst GRATULERA ALLE SAMAN MED DET FANTASTISKE OPPRYKKET!!!
3 dagar har no gått sidan den fantastiske dagen me hadde på søndag, men ennå er underteinka og nok mange andre i klubben framleis høgt oppe. Etter at Bjørn ikkje klarde å slå Kaupanger2 og sikra seg opprykk helga før har det vore ei lang og spent veke. Det var difor befriande når søndagen kom, og utfallet av denne dagen vart eigentleg så perfekt som det kunne få blitt.
Eg var med å rykka opp til 5.divisjon i fjor, men den gongen vart det langt ifrå den samme entusiasmen rundt opprykket som i år. Sjølvsagt var me glade for opprykk då og, men i fjor enda me som nummer 2 i vår avdeling i 6.divisjon og opprykket vart sikra ved at andre lag ikkje vann sin kamp og me var allereie klare for opprykk før siste seriekamp. Då opprykket var klart sa me berre eit forsiktigt JEJ, og tok ikkje heilt av.
I år vart det utvilsamt annleis. Etter ein forrykande sesong der opptil 4 lag har kjempa om den eine opprykksplassen i avdelinga så fekk me til slutt den avgjerande seriefinalen mot storebror Bjørn - ein seriefinale me knapt har turt å håpa på at me skulle få oppleva. Når me så reiste stad å vann denne kampen med 5-3, og sette alle dei andre laga i avdelinga på plass bak oss så gjev det oss eit utruleg kjensle av meistring som knapt kan beskrivast med ord. Ekstra spesielt blir det sjølvsagt når sigeren kjem framfor 2-300 tilskodarar i lokalderby mot Bjørn med tilhaldsstad i kommunesenteret Gaupne. Det å vera best i eigen kommune er herleg.
Rett etter kampslutt var det mange blide fjes å sjå i blått, men likevel hadde nok ikkje alle heilt fått inn over seg at opprykket no faktisk var i boks. Etter å ha kniva om opprykk i nesten eit halvt år så gjekk det ikkje heilt opp for oss at det heile no var over med det samme Torstein Kvam blas av kampen.
Det var fyrst seinare på kveldan når me fekk nokre timar å la det synka inn at følelsane rett og slett tok overhand. Sjølv om det var ein søndagskveld var det imponerande å sjå at nesten samtlege spelarar + mange av våre fans og støttespelarar møtte opp på Lægreidspuben og var med å feira opprykket til langt ut på natta - utan å tenka på konsekvensane dette ville gje på jobben dagen etter. Makan til steming har eg aldri opplevd på eit festleg lag før, og eg trur smila nesten gjekk rundt heile fjeset hjå alle som var der. Ut på kvelden fekk me og testa stemmebånda våre, og eg er sikker på at dei to som var på jobb denne kvelden fekk seg ein søndagskveld litt over snittet. For meg personleg vart i allefall dette ein dag og seinare ein kveld som eg truleg aldri vil gløyma - takk til dykk alle som har vore med på å gjera dette mogleg.
Spesielt flott er det å sjå at samtlege i spelargruppa er med på denne sigeren. Til saman 23 spelarar har fått speletid i løpet av sesongen, og samtlege av desse må berre ta inn over seg at dei i aller høgast grad har vore med å bidra til at Veitastrond spelar 4.divisjon neste år. Det er sjølvsagt ikkje berre på kampane me har lagt grunnlaget for opprykket, og mykje av arbeidet vert gjort på treningsfeltet. Mange kan trekkast fram etter ein slik fantastisk sesong men eg har lyst å trekka fram 3 spelarar som har gjort ein utruleg innsats for klubben i år; Ole Kristian Vikheim, Jan Erik Bøyum og Øystein Heggestad. Ingen av desse har fått så mykje speletid som dei sikkert hadde ønskt, men likevel har me aldri høyrt eit einaste negativt ord frå nokon av dei og dei er 3 av dei mest trufast som møter opp på trening etter trening og er med på å gje øktene våre kvalitet. Ein klubb som VIL er avhengige av å ha slike spelarar, og eg er glad for å sjå at dei var minst like glade for opprykket som alle andre og var med å feira til dei seine nattestimar. Dette tykkjer eg framfor noko syner det unike samhaldet som me har klart å skapt i klubben vår.
Eg nyttar og anledninga til å takka alle frå fjern og nær som har gratulert oss med opprykket. Me er utruleg stolte over det me sjølve har oppnådd, og me vert endå stoltare når me ser at dette og gledar mange andre. Vår prestasjon er heilt sikkert av den uviktige sorten i den store samanhengen, men av og til kan utvilsamt dei uviktige tinga kjennast som dei viktigaste som finnes. Me føler me er gode representantar for bygda Veitastrond, og det gjer meg stolt at den vesle bygda vår til neste år kan stilla lag i øverste sjiktet av fotballen i Sogn og Fjordane.
Heilt til slutt vil eg gjera merksam på at sesongen ikkje heilt er over ennå. Neste veke ventar 2 x kretsfinalekampar mot Førde 3, og vinnaren her får då pokalen som viser at dei er kretsmeistar i årets 5.divisjon. Veitastrond vil sjølvsagt gjera alt for å vinna desse kampane, men samstundes tek me ikkje desse kampane så alvorleg heller. Me gler oss no til å spela viktige fotballkampar som ikkje betyr så mykje, og i desse kampane skal me rett og slett kosa oss og legga alt av nervøsitet og press igjen i garderoben.
Eg ynskjer alle i og rundt klubben ein framifrå haust. Kvil dykk godt etter KM-kampane, og lad batteria til ein ny sesong. Me gler oss stort til å måla krefter mot laga i 4.divisjon neste år, og eg er sikker på at me saman skal takla alle dei utfordringane som spel i denne divisjonen vil by på!
Eventyret om Veitastrond Fotball har berre nettopp byrja!
Mange blåe helsingar frå
Richard Nes
Assisterande trenar"
|