Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Avslutningsfesten 2007

Årets VIL-fest vart halden i går, og arrangementet var utvilsamt ein stor suksess. 34 enkle sjeler var for tredje året på rad samla i Resalandskjellaren for å feira sesongen som var gått. Dette året vart det i tillegg og ein opprykksfest.

Så godt som alle av dagens spelarar, deira bedre halvdeler, gamle spelarar og nokre utvalde gjester var dei som var til stades. Av dei spelarane som har vore med heile sesongen igjennom var det kun Geir Aardal som glimra med sitt fråvær.

Prisdryss

Som vanleg var det stilt størst spenning til kven som fekk prisen som årets spelar. I år som tidlegare år var det spelarane sjølv som hadde stemt på dei to som dei meinte var best, og det vart eit jevnt race mellom Bjørn Molland og Emil Heggestad, men sistnenvte fekk til slutt 3 stemmer meir enn Bjørn, og vann med sine 15 stemmer Med dette får Emil prisen for andre gong. Han fekk og prisen i 2004.

Richard Nes fekk prisen som årets toppscorar med sine 13 pinnar.

Bjørn Molland fekk eit gavekort på kr 250,- som vinnar av årets treningsstatistikk.

Andre prisar som vart delt ut med applaus og prestisje som premie var;

Årets...

  • ...assistkonge - Emil Heggestad (11 assist)
  • ...VIL-stjerna - Emil Heggestad (19 stjerner. Dette vert å rekna som fansen sin favoritt)
  • ...raotass - Even Kvam (3 gule og 1 raudt)
  • ...raotass 2 - Emil Heggestad (for sitt gule kort han pådrog seg mot Hafslo etter å sjølv ha vorten meia ned)
  • ...augneblink - Øystein Heggestad (for sitt magiske straffespark mot Hafslo)
  • ...mål - Tor Olav Berge (klistra ballen klin i krysset mot Norane)
  • ...herligaste mål - Even Kvam (då det såg som mørkast ut heime mot Balestrand satte han inn det forløysande 3-2 målet)
  • ...slagsmål - heimekampen mot Sogndal 3
  • ...surpomp - Torstein Egil Kvam
  • ...mest porno - Ivar Melby (tett etterfulgt av Øyvind Lien)
  • ...mest hjelsomme - Tommy Skjerven (stilte opp til heimekampen mot Norane)
  • ...tyl - Tommy Ese på Balestrand (i allefall i følge dommar Jarle Andersen)
  • ...sutrekopp - Frank Heggestad (kritisk til det meste)
  • ...fan - Bjarte Lunde
  • ...kommentar - "eg helde deg ikkje, eg yte deg din BODL!!" (sagt med klar røst av Vidar Vadseth heime mot Hafslo, då Eirik Skorpen på Hafslo beskulda han for holding)

Var ein pris som vart utegløymd i går, men som så absolutt bør takast med her;

  • ...mest sympatiske - Vidar Vadseth (i følge dommar Torstein Kvam er han Strondi sin einaste sympatiske spelar)

 

God mat og triveleg stemning

Me fekk servert nydeleg spekemat med det beste av tilbehør, og i tillegg hadde me bestilt ei skikkeleg opprykkskake for anledningen.

Trenar Emil holdt ein flott tale til spelarane, berre avbrutt etter annankvar setning av Vidar Vadseth som hadde ein kommentar til det meste. Emil takka alle spelarar for glimrande innsats, og meinte at dette laget er det beste VIL-laget nokon gong. Han rosa både det som hadde vorte prestert ute på bana, og det gode samholdet som har vore i klubben denne sesongen.

Emil fekk seinare ein liten påskjønnelse som spelarane hadde samla inn til supertrenaren sin.

Andre bidragsytarar var Vidar Vadseth som fortalde kven som var den rettmessige toppscoraren. I tillegg fekk Frank Heggestad den eksklusive underskriftslista. Begge desse to innlegga kjem me grundigare innpå seinare.

Takk til dykk

Alle som har vore med å bidrege utanfor bana fekk og sin velfortente takk, og me tykkjer dei fortener å bli nemt her på veven og.

  • Rakel Molland og Ingrid Heggestad, for sin innsats i kiosekn. Skal takast med at Rakel har laga heimelaga potetkaker til kvar einaste heimkamp i år - imponerande!
  • Johannes Nes -for sin framifråe innsats som banemann
  • John Molland - er alltid med i kulissane til heimekampane
  • Rune Molland - baneoppmerkar
  • Hildegunn Heggestad - oppdame
  • Richard Nes - vevansvarleg
  • og sjølvsagt Emil Heggestad, for sin fantastike innsats for VIL-fotball

 

Med dette er sesongen 2007 ferdig, og me kan no retta augene mot super-mega-jubelsesongen 2008!

Sjå fleire bilder frå festen HER

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com