Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Avslutningsfesten 2008

Frode Kvam gjorde reint bord på gårsdagens avslutningsfest for VIL-fotball, då han i tillegg til prisen som årets toppscorar og fekk den høgthengande prisen som årets spelar 2008. I tillegg til Frode sine utmerkelsar vart det og delt ut ei rekkje av offisielle og ikkje fullt så offisielle prisar. Festen vart som vanleg halden nede i Resalandskjellaren og som vanleg bar kvelden preg av godt humør og mykje god mat og drikke.

Omlag 30 personar møtte opp i Resalandskjellaren til årets avslutningsfest, der det var ekstra kjekt å sjå at Ivar og Petter hadde trossa vær, vind og kolonnekøyring for å ta turen frå Trondheim.

Dette var 4. året på rad at me avsluttar sesongen i dette flotte lokalet, og truleg vil me og halda fram med dette i åra framover. Sidan huseigaren ikkje lenger leverar mat sjølv måtte dette bestillast frå Pyramiden i Gaupne, og deira koltbord fall utvilsamt i smak hjå alle festdeltakaraen. Forsåvitt er det og greit at dei inne i Gaupne for ein gong skuld fekk ta del i ein opprykksfest...

Frank Heggestad var kveldens konferansier, og han innleia kvelden med å seia at me nok ein gong samlast til opprykksfest og at han merka at han var byrja å bli litt lei av å vera med på opprykksfestar år etter år.

Prisdryss

Kveldens definitive spaningsmoment låg i kven som skulle få prisen som årets spelar. Alle som har spelt for Veitastrond i år hadde gitt 3 spelarar henholdsvis 3, 2 og 1 poeng, og kanskje ikkje så overraskande var det Frode Kvam som stakk av med denne prisen. Av 110 stemmepoeng fekk han 46, og vann dermed framfor Kurt Heggestad som fulgte hakk i hæl. Frode har hatt ein kjempe sesong der han har spelt samtlige kampar for VIL og scora heile 25 mål på 15 kampar. Han er ein unik spelar å ha med på laget og i tillegg til å vera ein fantastisk aktør ute på bana er han og ein knakande kjekk kar som glir forholdsvis glatt inn i VIL-miljøet.

I tillegg til årets spelar fekk han og sjølvsagt prisen som årets toppscorar. Her vart det opplyst at han i tillegg til å scora 25 mål har han vore nest sist på 6 mål medan han har skaffa oss 6 av 7 straffespark (skulle heilt sikkert vore fleire, men når dommaren stort sett er i mot oss vert det vanskeleg), dvs at Frode har vore involvert i heile 37 av 68 måla me scora i år - rett og slett imponerande.

I tillegg  vart det delt ut følgande prisar;

  • Årets treningsfantom - EVEN KVAM (for dette fekk han ein Pokal og eit gavekort på Matkroken på 250,-)
  • Årets assistkonge - KURT HEGGESTAD
  • Årets raotass - EVEN KVAM
  • Årets VIL-stjerna (og kjendt som publikumsprisen) - FRODE KVAM
  • Årets mål - KURT HEGGESTAD - for sin susar borte mot Vadheim/Høyang2
  • Årets kommentar - GEIR AARDAL - i bortekampen mot Bjørn gjekk ein motspelar i bakken, men fekk grei beskjed frå Geir om å komma seg opp igjen. Ein ordbruk me ikkje vil bruka på vår heimeside..
  • Årets negl - KIM ANDRE NAVARSETE - einaste som kløpper tåneglene framfor kvar kamp.
  • Årets promp - FRODE KVAM - det blir mange garderobe prompar i løpet av ein sesong, men berre Frode har fått sin på riksdekkande fjernsyn.
  • Årets finte - EMIL HEGGESTAD - i heimekampen mot Bjørn sendte han ein motspelar så langt inn i pølsebua som det er mogleg å komma. Vedkommande kom ut igjen med ei grillpølse med ketchup og sennep i kvar neve...
  • Årets brot - ØIVIND KRISTIANSEN - for sitt nasabrot heime vs Jølster 2.
  • Årets bilde - ØIVIND KRISTIANSEN - knipsa av Øivind rett etter det nevnte nasabrotet.
  • Årets med kyniske uthaling av tid - EVEN KVAM - då Arne Nes utligna til 6-6 borte mot Bjørn sa Even ifrå om at det berre var å bruka tida og jubla meir "JE JE JE"
  • Årets defansive løp - EMIL HEGGESTAD - i bortekampen mot Bjørn sprang han i full galopp over heile bana og redda ballen på målstreken
  • Årets kranglefantar - VIDAR VADSETH og GØRAN FIMREITE - konstant i munnhuggeri.
  • Årets fan - JOHANNES NES - for sitt fantastiske bidrag til klubben, og ekstra pluss for sitt frammøte til bortekampen mot Breimsbygda.
  • Årets kvinnlege fan - SILJE CHR. I. NYGÅRD - ho var og på bortekampen på Breim og fortener sjølvsagt og heider og ære for dette.

Var kanskje og eit par til som me ikkje kjem på no i farten (eller som dei seier borte i statane - "in the fart")

Tale frå trenaren

Som seg hør og bør haldt VIL sitt definitive overhovudet Emil Heggestad ein tale til folket. Han takka for ein fantastisk sesong og trekte fram dei spelarane som me henta inn i fjor vinter som ein suksessfaktor. I tillegg trekte han fram alle dei rundt klubben som er med på å gjera drifta av klubben mogleg, og han ga heider og ære til Rakel og Ingrid i kiosken, Johannes for sin jobb med bana, Aina med jobben som kasserar (stakkars deg) og Johan og Jimmy for jobben med utbygginga av Nye Leikvoll - utan dykk, ingen fotballklubb!

Emil ga og ros til Veitastrond.com for vårt arbeid, og dette set me sjølvsagt pris på.

Utpå kvelden fekk Emil ei lita oppmerksomhet på ca 1000 NOK for sitt arbeid som hovudtrenar - vel fortent.

VIL-filmen 2008

Multimediaavdelingen med Veitastrond.com i spissen hadde laga til VIL-filmen 2008. Denne er på ca 20 min og består av bilder og filmar frå sesongen som gjekk.

Denne filmen ber preg av at den er heimelaga og er laga av amatørar. Likevel må me seia at me var utruleg skufffa over visningen av filmen då det viste seg at lydanlegget i Resalandskjellaren var på bærtur, og lydmessigt høyrde dette omtrent ut som når ein seint på 80-talet trykte på Play+Record og haldt kassettspelaren inntil TV`en for å ta opp siste slageren til Jahn Teigen. Som sagt så er filmen laga på absolutt amatørnivå, men ikkje så gale som me føler den framsto i går kveld.

Kjem muligens til å legga ut filmen på verdsveven etterkvart, men dei som ynskjer eit eksemplar på ei CD-plate som dei kan sjå på sin eigen DVD-spelar (med skikkeleg lyd) må berre gje ein lyd til oss i Veitastrond.com så ordnar me dette!

Flott avslutning på ein flott sesong

Alt i alt var dette ein triveleg kveld der alle saman kosa seg i hop.

Eit flott punktum på nok ein opprykkssesong, og alle saman var einige om at dette hadde vore ein fin kveld!

 

Sjå fleire bilder frå festen HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com