Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Bohemen er død...

Då Veitastrond spelte sin 100. kamp mot Årdal forrige måndag var det ikkje berre eit hyggeleg jublieum me var vitne til. Dette var og ein trist dag for VIL-fotball, då Helge Skjælaaen spelte sin siste kamp for klubben etter å ha vore ei sentral brikke i nesten 4 år. Midtbanespelaren som er kjendt for sin arrogante spelestil, frekke tunnellar og avgjerande scoringar, vender no nasen heim til Bergen etter at studiane i Sogndal er ferdige.

Helge Skjælaaen er 26 år og er vaskeekte bergensar. Han kom til Sogndal hausten 2007, og nokre månadar etterpå møtte han for fyrste gong opp på VIL-trening etter at klassekompis og dåverande VIL-spelar Tor Olav Berge lokka han med. Som broder til tidlegare Brannspelar Eirik Skjælaaen, og son av ein prest hadde Helge all den bakgrunn som skulle til både fotball- og verdimessigt for å bli ein suksess i Veitastrond Fotball.

Han gjorde seg tidleg bemerka på trening med si slentrande, men effektive spelestil. Styrkene hass er utvilsamt teknikken og pasningsfoten, og det er nok ingen som har spelt regelmessigt mot Helge som ikkje har vorte teken tunnell på av han. Helge er dessutan alltid berre i lett jogg når han spelar fotball, og me kan ikkje hugsa at han nokon gong har vore å sett på eit skikkeleg maksløp.

Helge var både ein målscorar og ein tilretteleggar, og på sine 34 kampar for Veitastrond scora han 19 og var nest sist på 20 mål. Slett ikkje verst av ein midtbanespelar.

Utanfor bana er Helge ein fin type å ha med seg. Han er ikkje den typiske bergansar som masar hol i hovudet på deg (slik som Øyvind Lien...), men Helge er ein roleg type som likar å halda seg i bakgrunn og smett inn ein kommentar når det passar seg.

Suksessfull VIL-karriere

På sine 3 heile sesongar med klubben så fekk Helge med seg 2 opprykk samt at me klarde å behalda plassen i fjorårets 4.divisjon. Slik sett har ikkje Helge opplevd noko anna enn suksess med klubben, og han har så absolutt vore med å bidrege til dette sjølv.

Her er nokre augneblink me ikkje vil gløyma med Helge;

26.01.2007; Helge Skjælaaen vert presantert som ny spelar på Veitastrond.com

22.05.2007; i bortekampen mot Aurland/Lærdal 2 vinn VIL 6-1 etter at Helge scora 1 og var nest sist på dei 5 andre måla (!)

14.08.2007; borte mot tabelljumbo Norane vinn Veitastrond 13-0. Helge får 3 VIL-stjerner, scorar 4 mål og har 2 assist.

01.09.2008; Helge var borte heile vårsesongen, men var klar til spelt på hausten. I heimekampen mot Hafslo som det vart laga tv-reportasje av vart Helge vraka frå troppen, då dei spelarane som hadde vore på trening vart prioritert. Skuffelsen hang nedover trynet på ein betutta bergensar...

28.09.2008; etter skuffelsen mot Hafslo så røyste Helge seg, og han spelte heile kampen då Veitastrond vann 5-3 i seriefinalen mot Bjørn og dermed sikra opprykk til 4.divisjon.

19.04.2009; i ein ellers begredeleg vårsesong så tok Veitastrond ein sterk 4-2 siger heime mot Saga. Dagens mann; Helge Skjælaaen med sine 3 mål.

16.08.2009; Veitastrond vinn 3-2 heim mot Selje etter at Helge vart matchvinnar med sitt mål 20 minutt før slutt. Han feira scoringen med å velte seg i gjørma på Leikvoll ;)

19.04.2010; etter å ha vore under 0-3 til pause så røyste VIL seg meisterleg og vann 4-3 borte mot Gaular i seriepremieren. Det avgjerande målet vart satt inn av Helge 2 minutt på overtid.

24.05.2010; Helge spelar sin siste kamp for Veitastrond, og får æra av å vera kaptein i avskjeden sin. Scorar eit mål på straffe, men VIL tapar likevel kampen 4-5.

Karriera held fram

Helge vil no halda fram fotballkarriera med sin gamle klubb Bergen Nord, som han allereie i påsken var med på treningsleir. Han har ikkje skaffa seg noko jobb ennå, men vonar at han vil få seg noko innan barnevernet som er det han har utdanna seg om.

Me har visst ein stund har dette mest sannsynleg vart siste sesong for Helge så noko overrasking vart det ikkje at han reiste. Likevel er trist når han ein slik type forlet klubben, men alt har sin tid. Me vil ikkje sitta oss ned å sippa for mykje over avskjeden, men er heller takksame for at me fekk sjansen til å verta kjende med Helge Skjælaaen.

Veitastrond Fotball takkar Helge for sin innsats, og ynskjer han alt vel i resten av sitt liv ;)

 

Du kan lesa avskjedsintervju med Helge HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com