Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Dårlege treningstider for VIL-fotball

Etter sesongslutt i haust har det meste gått VIL sin veg, og me har fått på plass nokre meget gode signeringar. Både Frank - og Kurt Heggestad og Gaute Olstad er alle spelarar som forsterkar ein allereie solid spelarstall. Akkurat no når alt såg som best ut har me fått dårlege nyhende når det gjeld treningstidene våre.

Dei siste to vintrane har me hatt to treningar i veka i Storhallen. 1/6 kl 18:00 på måndagar og halv hall kl 19:30 på torsdagar. Med dette har me unngått å kræsja med seina kveldar, Champions Leauge og onsdagsfyll. Utvilsamt eit meget attraktiv tilbod til ein som har lyst å spela amatørfotball.

I år trudde me eigentleg at det berre ville bli ein formalitet å få på plass dei samme treningstidene, men den gang ei. Det viser seg nemleg at Sognahallen sendte ut brev alt i sommar, der klubbane hadde frist til 1.september med å komma med sine ynskjer på treningstider. Dette brevet som dei hevder har vorte sendt til oss er som sunket i jorda. Det som er heilt sikkert er at vår faste kontaktperson gjennom dei 3 føregåande åra Frank Heggestad ikkje har vorte kontakta. Sannsynlegvis har dei sendt brevet anten til leiaren i VIL eller leiaren i VIL-fotball, og då har det muligens havna utepå Kaupanger-skogen saman med resten av papiravfallet. Kvifor dei ikkje berre sende ein mail til Frank må gudane vita.

I allefall så kontakta me sjølv Storhallen i midten av september, men fekk då beskjed om at me stod langt bak i køen. Etter litt fram og tilbake fekk me til slutt tilbod om følgande treningstider;

Før jul;

  • Halv hall/eventuelt 1/6 bane måndag kl 19:45
  • Halv hall tysdagar kl 21:00
  • 1/6 hall på onsdagar kl 21:00
  • 1/5 hall torsdag kl 17:15 eller 18:30
  • Halv hall fredagar kl 19:45

Etter jul

  • Halv hall tysdagar kl 21:00
  • 1/6 hall på onsdag kl 19:45 eller eit litt større område kl 21:00
  • Halv hall fredag kl 19:45
  • Ellers er søndag ettermiddag kanskje aktuelt

Ingenting er endeleg bestemt, men mest truleg vel me å spara pengar før jul og kuttar ut all trening då. Me oppfordrar alle spelarar til å driva aktiv eigentrening i denne perioden, eller eventuellt berre ligga på sofan med julegrisen og spara overskot. Kvile skal visstnok vera eit av dei viktigaste ledda i trening.

Etter jul kjem me truleg til å gå for kun ei trening - tysdagar kl 21:00. Dette fordi me eigentleg ikkje ser noko dugandes alternativ. Me vil unngå å trena både tysdag og onsdag, og fredag og søndag er vel det samme som å legga ned heile klubben. Me kryssar heller alle fingrar på ein mild og fin vinter slik at me kanskje kan få innpass borte på Kaupanger sitt kunstgras, men dette avheng sjølvsagt i om Kaupanger har plass til oss og om altså værgudane er med oss.

Som ein erstatning for lite trening håpar me på å auka antall treningskampar. Me har og som mål å arrangera fleire sosiale samankomstar i helgane, då dette er uhyre viktig både for samhold og ikkje minst formasjons/taktikkeri diskusjonar.

Slik ser det altså ut til å bli, men me kjem til å halda både styre- og spelarmøte der kvar einkelt får komma med sine meiningar. Er fint om spelarane tek kontakt me leiinga i VIL dersom dei har nokre konstruktive innspel (me tek forresten gladeleg i mot ukonstruktive synspunkt og!)


 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com