Dei nye trenarane
Det ser no ut som om det ikkje lukkast VIL-leiinga å finna ein trenar utanifrå til å erstatta fjorårets trenar Leiv Inge Fimreite. Aktuelle trenarkandidatar til 6.divisjon veks ikkje akkurat på tre, og det fell som regel mest naturleg å tilsetta ein som allereie er i klubben. Så er og tilfellet med dei to som skal leda VIL-fotball i år; både hovudtrenar Emil Heggestad og assisten Richard Nes har vore med dei heilblåe sidan starten i 2004 og truleg er det ingen som kjenner klubben betre enn dei to.
_hil_vil/trenaremil.jpg)
Årets hovudtrenar Emil Heggestad er gjerne kjend som mr.Veitastrond. Han har stort sett hatt ein finger med i det meste som har skjedd i VIL-fotball sine 3 år gamle historie. Det var Emil som saman med Frank Heggestad tok initativ til å starta opp klubben, han sit i styret, var hovudtrenar i 2005 og assistent i 2004 og 2006. I år hadde han egentleg håpa å ikkje få noko trenarverv, men sidan ein ikkje fann nokon andre så var det ikkje overraskande at det er Emil som tek ansvar.
Emil er 26 år gammal og er fødd og oppvaksen på Veitastrond. Han har jobba lenge som tømrar, men studerer no idrettsfag på høgskulen på andre året. I ung alder var han eit stort talent og han spelte for SIL-gutelag og seinare SIL 2. Diverre slo han ikkje gjennom på toppnivå og vegen gjekk seinare til Fjøra kor han sleit mykje med skadar for så å ta eit år eller to for Hafslo. Etter dette tok han eit års pause frå fotballen før han altså starta opp VIL-fotball i 2004 og har spelt her sidan. Han står bokført med 37 kampar og har scora 8 mål for VIL. I tillegg til å spela har han heile vegen vore enten assisten eller trenar og stort sett administrert det meste som har føregått i den vesle klubben. Med sin erfaring som trenar kombinert med kjennskapen han har til VIL-fotball er tilsettinga av Emil som hovudtrenar eit sikkert kort å rekna, og me ynskjer Emil lukke til med jobben.
Med seg som assistent får han Richard Nes. Richard er 23 år gammal og jobbar til dagleg som kontorrotta ut på Leikanger. Han har ingen erfaring innan trenarfaget, og er soleis eit ubeskrevet blad her. Richard har vore med heile vegen sidan oppstarten og har faktisk spelt alle dei 41 kampane som VIL har spelt og scora 40 mål. Som Emil har og denne karen vore mykje med på det som har skjedd utanfor bana og er og ein del av styret. Før han spelde for dei heilblåe hadde han to sesongar for Hafslo, men spelde knappe 10 kampar, noko som skuldast ein del skadeproblem, militærteneste og latskap. Det blir spanande å sjå korleis han no taklar å skulle vera "sjef" for sine eigne kompisar, men me trur han og Emil kjem til å løysa oppgåvene på framifrå vis.
Lykke til gutter!!!
|