|
Det snør, det snør...
Ein dag før Veitastrond tek i mot Skavøypoll til årets siste heimekamp så innbyr ikkje Leikvoll Stadion noko særleg til fotballkamp. Slik den ligg no så er det meir duka for vinterlege aktivtetar som snøballkrig, basing i `snøadn` og cuprenn med ein heit saft og ein sukkelademåle til premie...
Veitastrond går eit noko spanande døger i møte og det vert denne gongen ei utfordring å skulle arrangera heimekamp. Værmeldinga seier diverre lite om mildværet dei nærmaste dagane og det er ikkje sikkert at den snøen som no har lagt seg forsvinn av seg sjølv til morgondagen - eigentleg er det større sjanse for at det snøteppet som alt har lagt seg vil bli endå tjukkare til kampstart...
Banemannskapet ved Johannes Nes har allereie byrja å fyra opp snøfresen om det skulle bli nødvendig, og signalraud spraymåling er på veg. Veitastrond skal gjera alt som står i vår makt for at morgondagens kamp skal gå som planlagt, trass i at snøen kom litt for tidleg i år.
Slik ser det ut på Veitastrond i dag;

Veitastrond.com kjem tilbake med meir utover dagen dersom det skulle skje noko spesielt...
|