|
Nytt divisjonssystem frå 2011

På det mykje omtala fotballtinget som har funne stad i helga vart dei tidlegare nevnte forslaga om endringar i divisjonsoppsettet vedteket. Dette inneber at det i årets sesong vil bli mange lag som rykker ned frå dei ulike divisjonane, medan få rykker opp!?
Hovudessensen i det nye oppsettet er at antall 3.divisjonar i Noreg skal halverast. Dei viktigaste grunnane til dette er å heva kvaliteten i 3.divisjon samt at alle som vinn si avdeling skal rykka direkte opp til 2.divisjon. Det vil seia at dagens ordning med kvalifisering utgår.
Endringane skal skje frå og med 2011, og dette vil då seia at årets sesong blir eit mellom år der alt skal leggast til rette for neste år. Dette får me merka i antall lag som rykker opp og ned frå dei ulike avdelingane. Her fylgjer ei lita oversikt over kva konsekvensar det får for kvar divisjon;
3.divisjon;
Sogn og Fjordane si avdeling vil mest truleg slåast saman med ei avdeling frå Hordaland. Det vil seia at det berre er plass til halvparten av dagens lag i 3.divisjon til neste års 3.divisjon.
Vinnaren i 2010 må ut i vanleg kvalikk mot ein annan avdelingsvinnar.
Laga som endar som nummer 2,3,4,5 og 6 blir verande i dagens 3.divisjon.
Laga som endar som nummer 7, 8, 9, 10, 11 og 12 rykker ned til 4.divisjon.
4.divisjon;
Sidan mange lag kjem ned frå 3.divisjon må sjølvsagt mange av dagens lag ut.
Vinnaren vil rykka opp til 3.divisjon.
Laga som endar som nummer 2, 3 og 4 beheld plassen i 4.divisjon.
Lags som endar som nummer 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11 og 12 rykker ned til 5.divisjon.
* me er ikkje 100% sikre på at dette er korrekt, men utifrå det me har lest på andre vevsider er det slik oppsettet vil bli.
5.divisjon;
Dei to avdelingsvinnarane + beste 2`ar rykker opp.
5.divisjon vil etter alle solemerke få fleire lag og vil truleg bestå av 2.avdelingar med 10-12 lag.
Kva får dette å seia for Veitastrond?
Å seia at dette er veldig dramatisk for vår eigen del vil vel vera å juga. Juging driv me ein del med, men ikkje i dette tilfellet. Det nye seriesystemet vert ei utfordring som me ser positivt på å gå i møte.
Dersom me skulle få ein maksimal sesong å vinna 4.divisjon ventar det oss ei relativt tøff utfordring i 2011. Me vil då spela i divisjon med dei 11 beste laga frå 3.divisjon i Sogn og Fjordane og Hordaland. Utifrå dagens standard ville me då truleg tapt kvar kamp med mellom 4 og 10 mål. Sjølvsagt hadde det vore ein fantastisk prestasjon om me hadde komme oss dit, men det vil utvilsamt gje oss store utfordringar både sportsleg og økonomisk (lange reiseavstandar)
Det som må bli hovudmålet i år er å kapra ein av dei 4 fyrste plassane og anten då rykka opp eller overleva i 4.divisjon. Det er heilt klart at 4.divisjon i 2011 vil bli langt tøffare enn den er i dag, og dette hadde det vore veldig moro å fått vore med på. Me kryssar fingrane for at me ikkje fell nedover i divisjonssystemet.
Skulle me likevel rykka ned ville heller ikkje dette vera noko krise for klubben. 5.divisjon i 2011 vil bli omtrent som dagens 4.divisjon og me vil truleg bli delt inn i ei avdeling som er meget gunstig reint geografisk sett. Me håpar det ikkje skjer, men grev oss ikkje ned om så skulle bli tilfellet.
Det vert med andre ord eit spesielt fotball år 2010 der unormalt mange lag i Sogn og Fjordane vil ta heisen nedover i divisjonane...
|