|
Elvebakken Gardsysteri betalar bota

Du trudde kanskje at bota som Veitastrond fekk i den etterkvart så mykje omtala kort-saka skulle gå hardt utover klubbakassa vår?...det gjer den ikkje. Elvebakken Gardsysteri med Jens Heggestad, som er ein av våre beste støttespelarar og fans, har engasjert seg i denne saka og har tilbydt seg å betala heile bota på kr 2.000,-
Det meste er etterkvart både sagt og vedteke i denne spesielle saka som har engasjert og til tider opprørt mange i og rundt Veitastrond Fotball. Vår sponsor Elvebakken Gardsyteri er ein av dei som meinar at VIL-fotball har måtte betala ein høg pris for at SFFK ikkje har teke på seg noko skuld i denne saka. Dei har difor teke på seg å betala bota me fekk på kr 2.000,-
Me i Veitastrond Fotball er særs takknemlege for den støtten som Elvebakken Gardsysteri gjer oss. Det er betryggande for oss å vita at me har våre eigne støttespelarar i ryggen og det gjer det lett å driva denne fotballklubben.
I samband med at dei betalar bota ynskjer dei å komma med følgande "pressemelding" der dei kjem med sine ytringar om saka og kvifor dei har valgt å betala bota for VIL-fotball;
"Det er med "stor glede" Elvebakken Gardsysteri betalar bota på kr 2000,- (opprinnelig kr 3000,- men det skuldast ein skrivefeil - "fnis",seier sffk), minner meg litt om ei sak som har funnet stad i Kongo, der og var det ein del tull med tall.
VIL-fotball gjorde akkurat det same som mange andre klubbar klubbane i fylket gjer, inn på nettsidene til SFFK for å skjekka gule og raude kort med tanke på ev. karantene. Der var spelaren det gjeld (Kurt) reg. med 2 gule kort, dermed tok VIL sjansen på at det var rett, (dette trur eg mange andre klubbar i fylket òg gjer!).Den store tabben til VIL var at dei opplyste dette på heimesida på internett. VIL var ærlege, men at ærlegdom varar lengst, ja det har SFFK lagt daudt for all framtid, iallefall innafor fotballen. Så spørges det da kven som har godt samvit,eller kanskje dårleg samvit i ettertid. Har SFFK høyrt om kvalitetsikring? det må dei i såfall ha totalt misforstått. Det Selje gjorde meinar dei er rett, og det kan vel hende det er fotb.klubbar som er feilfrie? Uanstt Selje tapte kampen 3-2, og for oss vil det resultatet bli ståande i all evighet.
På Veitastrond er det ca 85 fastbuande, då er det heilt utruleg at det kjem mellom 100 og 150 tilskodarar på heimekampane,(i enkelte tilfeller nærmere 200) - slå den du Myklebust. Før så reiste strendingane til Sogndal på fotballkamp, men no er det faktisk mange sogndøler som reiser fram på strondi på kamp i staden - men det er det kanskje fleire årsaker til (?)
Om VIL hadde vunne fram med anken, ja då kunne leiinga i SFFK ha pakka snippesekken, det viste dei og det viste NFF sentralt, og derfor gjekk det som det gjekk. NFF kjem også med eit snev av kritikk mot SFFK, det veit vel alle at det er berre tull, men kanskje dei har markeringsbehov etter nedturen i forb. med VM kvallikken.
Til slutt vil eg seia at Veitastrond Fotball lever godt med utfallet av denne saka, og både spelarar og publikum storkosar seg på Leikvoll, så får vi håpa at dei andre innvolverte partane i denne saka er glade og fornøyde.
-Jens Heggestad-"
|