|
Emil Heggestad borte frå fotballen i lang tid

Veitastrond sine ambisjonar i årets 4.divisjon har blitt hardt råka etter at vår spelande hovudtrenar Emil Heggestad har pådrege seg kyssesjuka, og kjem truleg til å gå glipp av heile vårsesongen. Med dette må me altså klara oss utan ein av våre viktigaste brikker i laget, men forhåpentlegvis vil han halda fram 100% som trenar. Synd for Veitastrond Fotball, men sjølvsagt verst for hovudpersonen sjølv som no må halda seg unna både fotball, skule og jobb i lang tid framover.
Det var for godt over ei veke sidan at Emil pådrog seg det han trudde var ei vanleg influensa. Feber og slapphet brukar å gå over, men denne gongen ville det ikkje gje slepp. Eit besøk hjå doktoren tidleg denne veke stadfesta det som Emil var byrja å frykta, at han hadde fått kyssesjuka.
Kva er kyssesjuka?
For dei som ikkje veit kva kyssesjuka er så kan me sitera Nettdoktoren;
"Kyssesyken, eller mononukleose som den også kalles, er en smittsom virussykdom. Den skyldes et virus som heter Epstein-Barr (forkortes EBV). Sykdommen er blant annet karakterisert ved halsbetennelse, hovne lymfeknuter og uttalt trøtthet. Den rammer som regel unge mellom 10 og 25 år. Noen egentlig behandling finnes ikke. Man forsøker å lindre de symptomene som følger med. Sykdommen forløper nesten alltid godartet."
..og her litt om korleis ein vert smitta. Me held fram med å sitera Nettdoktoren;
"Man smittes med Epstein-Barr viruset. Viruset finnes i spytt hos smittede, og overføring av spytt er en viktig smittevei. Det er derfor sykdommen kalles kyssesyken. Man kan imidlertid også smittes indirekte ved for eksempel å drikke av samme flaske, dele en røyk eller lignende. Tiden fra man har blitt smittet til man blir syk (inkubasjonstiden) er oftest mellom 30 og 50 dager."
Med andre ord er ikkje dette heilt det store å pådra seg. Med tankte på at ein kan bli smitta gjennom spytt bør kanskje dei av våre spelarar som føler seg slapp og sliten over lengre tid vurdera eit besøk til nærmaste lege.
Keisamt, men ved godt mot
Etter ein lang treningsvinter passa det sjølvsagt midt i røvi for Emil å bli slått ut omtrent i det serien starta. Som resten av laget hadde han sett fram til årets sesong, men han må nok venta ei stund før han får spela 4.divisjonsfotball med Veitastrond no.
Han kan bli frisk i løpet av nokre veker dersom han er heldig, men vert truleg borte lengre.
Emil er trass i sjukdomen ved godt mot; "Sjølvsagt utruleg keisamt for meg, men det er lite å gjera med. Det er berre å ta livet med ro og sjå framover. For Veitastrond sin del trur eg ikkje det får noko betydning, og det er ikkje noko grunn til å slå dette opp stort. Me har ein breid og stor stall og dette gjer berre at andre spelarar får ein fin sjanse til å imponera"
Veitastrond Fotball ynskjer vår spelande trenar god betring, og håpar å sjå deg på fotballbana att innan rimeleg kort tid.
|