|
Emil Heggestad på veg til IK Start?
Veitastrond.com kan i dag komma med den noko overraskande nyhenda om at VIL sin hovudtrenar Emil Heggestad kan vera på veg til IK Start og Kristiansand. Sørlandsklubben som rykka opp til Tippeligaen i haust er for tida utan trenar og samstundes har dei vore i økonomiske problem. Dei ser seg difor om etter alternative løysingar der eit rykte i dag går på at dei skal henta den relativt ukjende trenaren Heggestad og tilby han ein kontrakt der han skal jobba delvis i Start og delvis i Kristiansand Dyrepark.
Ei kjelde som me har snakka med i Kristiansand i dag seier at klubben har store problem med å skaffa seg ein trenar grunna den økonomiske situasjonen, og at dei difor har sett seg om etter alternative løysingar. Ideen med Heggestad kom opp då dei tilfeldigvis såg nokre bilder av VIL-trenaren på nettet. Dei kontakta deretter dyreparken i Kr.sand, og dei tende umiddelbart på ideen.
Dyreparken i Kr.sand har vore ein stor suksess dei siste tiåra, men i likhet med IK Start, fekk og dei seg ein liten nedtur i haust då den nyfødde giraffungen deira diverre døydde berre nokre veker gamle. Den vesle giraffen var tiltenkt å vera deira nye hovudattraksjon, men det får dei altså ikkje gleda av no. Sidan den andre hovudattraksjonen deira Julius strengt tatt er byrja å gå ut på dato er dei no på utkikk etter ein ny publikumsmagnet, og Emil Heggestad kan vera akkurat det dei leitar etter.
Apekatt i menneskeskikkelse
Vår kjelde i Kristiansand uttalar følgande;
"Emil har gjort stor suksess med Veitastrond som trenar, og det kan godt tenkast at han kan verta eit scoop for Start både sportsleg og økonomisk sett. Det er og stor tru på at han vil passa godt inn i dyreparken då han utvilsamt vil vera eit nytt og unikt innslag for våre gjester der. Gjer ein den mannen ein klase med bananer ser det ut som at han gjer resten av jobben sjølv.
Dessutan vil han vera unik i forhold til dei andre dyra i parken at når me stenger så går Emil sjølv ut av buret sitt og heim til seg sjølv. Slik sett slepp me å ha noko stell med han på nattestid, og ikkje minst på vinteren når parken er stengt så slepp me å ha noko med han å gjera i det heile. Me seier berre takk for i sommar og snakkast til våren igjen. Dette er med andre ord ein apekatt i menneskeskikkelse, og me trur at dette er den neste generasjon sin dyreparkattraksjon - difor vil me vera først ute med dette i Kristiansand."
Det kan vera at det blir problem å kombinera dei to jobbane på sommarstid sidan både Start og Dyrepakren har sin toppsesong då. I Kr.sand har dei og tenkt på dette, og ser på ei mogleg løysing;
"Me vurderar å henta inn assistentrenaren til Veitastrond og. Han kan og gjera god jobb i Start, og ikkje minst har me høyrt at han og har mange likhetstrekk med apekattar"
Leiinga i VIL-fotball hadde ikkje høyrt noko om interessa frå Kr.sand då me var i kontakt med dei i kveld, men eit styremedlem uttalar at han ikkje er særleg overraska over at slike henvendelsar vil komma...
Veitastrond.com gjer merksam på at dette er eit forholdsvis laust rykte endå, men ein skal ikkje sjå bort i frå at sørlendingane snart vil senda ein forespørsel til VIL-fotball der dei i fyrste omgang kanskje er interessert i eit prøveopphald for å sjå korleis duoen Hegegstad/Nes vil gjera det på treningsfeltet til Start og ikkje minst i apeburet til Kristiansand Dyreparken.
|