|
Erlend Siem legg fotballkarriera til sides_spelarprofil/erlend.jpg)
Etter eit og eit halvt år i VIL-trøya har Erlend Siem valgt å forlata VIL-fotball, og han legg i denne omgang opp som fotballspelar. Han flytter no ifrå Sogndal for å reisa til Canada der han skal bruka tida på skikøyring og anna hygge.
Erlend fekk sin debut i VIL-trøya den 17.august i den legendariske 4-3 sigeren mot Hafslo heime på Leikvoll Stadion - ein bedre start på ei VIL-karriere er det nok ikkje mogleg å få. Etter dette har han til saman fått med seg 14 kampar og scora 4 mål i den blåe drakta. Særleg i årets sesong var han ei sentral brikke der han fekk med seg 11 av 15 kampar, og han sanka med seg 7 VIL-stjerner - noko som var femte best av samtlege spelarar.
Opprinneleg kjem han ifrå Møre og Romsdal, men har dei siste åra budd i Sogndal. Her har han jobba som dagleg leiar i friluftslivbutikken Topp Tur, som han sjølv eig. I følge Erlend sjølv så sel han her det hottaste innan klede for sport og fritid.
På fotballbana vil me hugsa Erlend som ein teknikkar med ball, og utan ball var han ein klegg som kunne irritera på seg ein gråstein. Noko me fekk bevist i heimekampen mot Balestrand i år då deira kaptein lurde på korleis det var muleg å ha ein spelar på laget som lagde så mykje kvalme og øylagde heilhetsinntrykket av Veitastrond.
Utanfor bana er Erlend kjend for sitt gode humør, og i likhet med VIL-veteran Arne Nes er han fødd 5 minutt for seint, og har vel aldri komme presis til hverken kamp eller trening.
VIL-fotball takkar no Erlend for sin framifråe innsats for klubben, og ynskjer deg lukke til vidare. Skulle du finna på å flytta tilbake til Sogndal så veit du at døra alltid er open hjå oss.
Takk Erlend!
|