Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Erlend Sando sjekkar inn

Medan Åsmund Øgar fekk relativt stor spalteplass på Veitastrond.com etter berre ei trening med klubben, så har vår andre nyervervelse for året berre fått nokre få introduksjonslinjer. Dette lyt me sjølvsagt gjera noko med, og me gjer dykk her ein presentasjon av Erlend Sando. Han har trena med klubben i vinter og har og vore involvert i ein del av treningskampane våre. Erlend kjem inn i klubben via dragsuget gjennom Lægreids Puben og Studentsamfunnet som VIL-fotball har forsynt seg grovt av dei siste åra.

Erlend Sando er 24 år gamal, og har planar om å runda 25 i løpet av 2009. Opprinneleg kjem han frå Mandal, men dei som har ført ein samtale med Erlend skjønar snygt at guten ikkje har lært seg å snakka på sørlandet. Han snakkar kav bokmål, og dette har han frå sine fyrste år som han tilbrakte i Holmestrand.

Etter heftig russefeiring i Mandalskameratene så gjekk turen vidare til studiar i Sogndal. Her bur han no på 4.året der han byrja med 3 år på studieretninga Reiseliv. Så godt trivdes han i saftbygda han etter endt skulegang valgte å halda fram med å bu her, og det siste året har han vore ute i arbeidslivet. Han har jobba litt på ungdomsskulen i Sogndal, og i tillegg har sikkert dei fleste sett han bak bardisken på Lægreidspuben.

Fotballkarriera

Det er ingen merritert spelar som no har signert for Veitastrond, då Erlend knapt nok har spelt ein kamp sidan juniornivå. Han var på den tida aktiv i HIS (Holmestrand I.. S..) og seinare for den glamorøse fotballklubben Giv Akt.

Etter dette har han ikkje spelt aktivt, men halde seg til løkkefotballen.

Han har ingen favorittposisjon på bana, men har lyst å testa seg ut på ulike plassar. I treningskampane har han til no fått prøvd seg som både sentral midtbane, venstreback, midtstoppar og han har løyst alle oppgåvene på framifrå vis. Altså ein allsidig type me har fått inn i laget, som truleg fyrst og fremst vil få si speletid i den defansive biten av spelet.

Erlend uttalar til Veitastrond.com at han føler han har komme til ein klubb der spelarane verkar til å vera usedvanleg godt samansveisa og der miljøet er eineståande. Han seier at han gler seg stort til den kommande sesongen, og er spent på å sjå korleis det vil gå med både han og laget sine prestasjonar på bana.

Eigen manager

Erlend vert ein av mange studentar som etterkvar har vore innom klubben vår, og pr i dag vert han den 4. i troppen. Vegen inn til laget var ikkje så veldig lang då han kjenner mange av spelarane frå før og har jobba på puben med hovudtrenar Emil Heggestad og ikkje minst sin eigen manager Øyvind Lien.

Medan me pratar med Erlend sit Øyvind i ein krok og ser til at alt går rett føre seg med sin klient. Han kvepp imidlertid til når me spør om han har nokre saftige historiar å fortleja om Erlend. Me hadde gjerne tenkt oss nokre røvarhistoriar frå fotballbana eller om frekke kvinns, men får i staden servert ei heller traust forteljing om grevlingar(?);

"Altså, når jeg tenker meg om så er jo Erlend veldig redd for grevlinger da. Det er helt fakta, ett eller annet fra barndommen som plager han. Ganske morsomt å tenke på i grunn for meg som ikke er redd for noe", bablar manager Lien i veg om med Veitastrond.com og Erlend som tilhøyrarar.

Erlend ser bort på oss, himlar med augo og me skjønar begge at dette intervjuet nettopp vart avslutta. Me takkar så mykje for praten, og ynskjer vårt nye stjerneskot velkommen til klubben.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com