|
Før kampen; Årdal 2 - Veitastrond

Berre 4 dagar etter parodien mot Dale som enda med 1-8 tap får Veitastrond sine utvalgte ein gyllen sjanse til å revansjera seg. I morgon tek laget turen over fjorden for å møta Årdal sine nestbeste. Dette vert den einaste treningskampen i vinter mot lag i frå samme divisjon, og det vil såleis gje ein fin peikepinn på kor me står pr dags dato. Som vanleg har me òg til denne kampen mange forfall, men ikkje på langt nær så mange som i helga. Veitastrond er sugne på å røysa seg etter fredagens fall og forhåpentlegvis er dette noko som dei vil få merka inne i Årdal i morgon.
Veitastrond startar truleg med følgande 11;
??
Kenneth - Geir - Kim Andre - Øyvind
Bjørn - Emil - Helge - Åsmund
Arne - Kurt
På benken; Erlend, Gaute, Jon Arne, Øivind, Jan Erik, Morten og Øystein.
Dei som då ikkje vert med er Even, Frank, Frode, Frode og Richard.
Sidan me ikkje har nokon i troppen som heiter ?? så skjønar ein sikkert at det er noko usikkert kven som står i mål i morgon. Både Even og Gøran har meldt forfall og då står me att med få alternativ. Kanskje får me med oss nokon utanfrå, eller så lyt nokon av utespelarane stå i mål. Erlend har tidlegare storspelt som keeper på trening og kanskje kunne han ha gjort ein god figur mellom stengene?
Bortsett frå på keeperplass står me mykje sterkare enn mot Dale, og det er gledeleg at Kenneth, Geir, Kim Andre, Øyvind, Åsmund og Kurt er attende i troppen. Det er ei aldri så lite gullrekke av spelarar og det seier seg sjølv at laget vert styrka. Så får det heller vera at Frode og Frank ikkje blir med innover.
Kampen inne i Årdal startar kl 19:30 og det er mest truleg plass til dei som har veldig lyst å inn å skoda.
|