|
Før kampen; Årdal 2 - Veitastrond

Dei som ennå ikkje har fått fredagens kamp mot Dale ut av kroppen bør snarast gjera noko med dette, for alt i morgon er det klart for ny kamp. Denne gongen tek me den korte turen inn på Årdalstangen for å møta Årdal 2 på sjølvaste Cuba stadion. Her har ikkje Veitastrond vore representert med noko lag sidan me vann 11-2 med lilleputtlaget vårt tidleg på 90-talet. Skulle me enda opp noko liknande i morgon skulle ein tru me vil reisa heim vel nøgde.
I morgon stiller me truleg med følgande lag;
Even
Kenneth - Geir - Erlend - Øyvind
Helge - Richard - Bjørn - Åsmund
Vidar - Kurt
På benken; Øivind, Gaute, Gøran og Øystein.
Frå kampen mot Dale så er Even, Kenneth, Øyvind og Geir attende og dei går alle rett inn på laget. Frank er på tur med jobben medan Arne fekk seg ein smell mot Dale som gjer at han ikkje vert klar att til denne kampen. Emil held seg truleg unna speling denne gongen og Morten, Kim Andre, Jon Arne og Jan Erik er framleis ute.
Dette gjer at me heller ikkje til denne kampen er fleire spelarar enn me bør vera, men me vel å halda fokus på dei som faktisk er med i staden for dei som er indisponible. Dersom me skulla tapa i morgon får me heller komma tilbake til dette med mange folk ute, så har me i allefall ein god unnskyldning på lur om ikkje noko anna...
Denne kampen skulle eigentleg ha vorte spelt forrige helg så dette er ein hengekamp, som vert utruleg viktig for Veitastrond. Med berre 6 poeng byrjar me å komma langt bak mange lag no og 3 poeng i morgon vil vera særs viktig for å halda kontakt med dei laga som ligg på øverste halvdel. Med tap er det liten tvil om at me vert sittande fast i botn av 4.divisjon.
Veitastrond har gjort store framskritt dei siste to kampane, og me har god tru på at me skal gje årdølene kamp til døra.
Årdal 2
Det er som vanleg vanskeleg å seia kva me kan venta oss når me spelar mot 2.lag. Truleg møter me i morgon eit lag som består av ein del unggutar, spelarar som ikkje held nivået i 3.divisjon og kanskje ispedd ein og annan spelar frå 1.laget.
Dei har hatt ein god start på sesongen og har så langt 4 sigrar og 3 tap. Med siger mot oss i morgon vil dei komma opp på 15 poeng og legga seg inn på delt 2.plass. Sist kamp vann dei overbevisande 7-3 mot Syril, så me lyt nok forventa å møta ei godt offansivt lag i morgon.
Veitastrond har aldri tidlegare møtt Årdal 2, men me står med 5 kampar mot Jotun/Årdalstangen 3 som hadde lag i 6.divisjon samstundes med oss for nokre år attende. Mot dei står me bokført med 2 sigrar og 3 tap...
Bilar til Tangen
Me tek sikte på privatbilar i morgon og møter på Lægreis kl 17:00.
For dei som vil inn å skoda på oss så byrjar kampen kl 19:00.
|