Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Før kampen; Askvoll/Holmedal - Veitastrond

Endeleg er dagen snart kommen der nedrykksdramaet i årets 4.divisjon skal avgjerast ein gong for alle. Det er på tide at me får dette unnagjort no slik at me slepp å gå rundt kvar einaste dag med neglebiting og sveittatokter. Veitastrond har kjempa ein knallhard kamp heile hausten og ikkje ein einaste kamp har me kunne tillata oss å sleppa oss nedpå, og det me kan me så absolutt ikkje gjera i morgon heller. Då reiser Veitastrond for å spela borte mot Askvoll/Holmedal og truleg er berre siger godt og kanskje må me vinna med fleire mål. Årets sesong har bygd seg opp til eit klimaks som vil få sitt endelege brak i morgon. Me kryssar det me har for at dette går vår veg.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Even

Øyvind - Emil - Geir - Åsmund

Bjørn - Ole Christian - Helge

Frode - Arne - Kurt

På benken; Frank, Gaute, Øivind, Morten, Richard og Øystein.

Dei som av ymse årsaker ikkje har anledning til å vera med er Erlend, Jon Arne, Kenneth, Kim Andre, Jan Erik, Gøran og Vidar.

Den observante VIL-fan vil nok umiddelbart sjå at her er ein aldri så liten midtstopparkrise. Av dei 4 som har starta flest gonger så har me berre Geir tilgjengeleg i morgon, og dette gjer at sjefen sjølv - Emil, går ned og spelar stoppar. Grunna eit overflod av midtbanespelarar startar Emil i dei bakre ledd. Diverre på bekostning av Øivind som ikkje får gleda av å starta mot sine eigne i Askvoll...

På midtbana startar Ole Christian for fyrste gong saman med Bjørn og Helge. Etter å ha vore borte ei stund så gjorde Morten eit gledeled comeback på trening denne veka, og han kan så absolutt komma inn som ein joker i løpet av kampen.

På topp kjem Frode attende på laget og han spelar saman med Arne og Kurt, og det vert då ikkje plass til Richard som blir henvist til benken.

Skal seiast at det er nokre spørsmålstegn i troppen og det kan bli endringar både på spelar- og formasjonsfronten...

Askvoll/Holmedal

Veitastrond reiser i morgon for fyrste gong for å spela borte mot Askvoll/Holmedal. Grøntrøyene hadde ein flott vårsesong og befann seg på opprykksplass etter halvspelt serie. På hausten har det gått litt skeis for dei og dei står no med 9 strake tap og dersom alt går galt i morgon kan dei faktisk risikera å rykka ned. Skal seiast at Veitastrond går inn til denne kampen med 9 strake bortetap, og uansett utfall er det minst ein 9 strake-tap-barriere som vil bli brutt i morgon.

Utfallet før denne kampen er altså at Veitastrond har samme poengsum som Førde 2, men me har 2 mål å gå på. Askvoll/Holmedal ligg 3 poeng føre, men dersom Veitastrond vinn med 5 mål mot Askvoll og Førde vinn med 7 mål mot Lærdal så havnar dei på den usikre nest siste plassen. Ikkje særleg stor sjanse for det med andre ord...

Lang busstur

Kampen i morgon går på den nye kunstgrasbana i Askvoll og startar kl 15:00.

Veitastrond har ein lang busstur føre seg og me har avreise frå skysstasjon kl 11:15, og her er det heilt sikkert ledige plassar for eventuelle fans og støttespelarar.

Dersom Veitastrond skulle sikra plassen i morgon så burde det vera duka for ein liten feiring på vegen heim...eller hur??

"E ra nåke løge at Strondi e tøste - Strondi hakje teinkt seg te 5. me da førsta....EY LÅ LI LÅ LI osv....COME ON YOU VIL!!!"

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com