|
Før kampen; Balestrand - Veitastrond
Veitastrond spelar i morgon sin nest siste treningskamp før alvoret brakar laust. Denne gongen tek me turen over fjorden for å spela mot Balestrand på deira eminente kunstgrasbane.
Diverre er det forholdsvis stort mannefall til denne kampen, og det er ei rekke av spelarane me er usikre på om vert med. I utgangspunktet så satsar me på å starta med følgande lag;
Gøran
Sindre - Øivind - Even - Kim Andre
Øyvind - Morten - Petter - Jan Erik
Richard - Geir
På benken; Jon Arne, Ivar, Arvid, Ole Kristian, Gaute, Kjell Ronny og Øystein.
Dei som me truleg ikkje vert med i morgon er; Bjørn, Helge, Frank, Kurt, Vidar, Frode og Arne. Emil vert med til Balestrand, men det er noko usikkert på om han skal spela, dersom han skal spela så går han truleg inn i startellevaren.
Me har ikkje fått så mange meldingar om spelarar som ikkje vert med, og me vonar at spelarane vert flinkare til å gje beskjed tidleg dersom dei veit at dei ikkje er med. I dei siste kampane har det vore ein lei tendens til at spelarar me hadde rekna med ikkje møter opp. Om de melder forfall pga jobb, skade, familiære årsaker eller rein latskap har me ikkje så mykje med, men me vil gjerne ha melding i forkant...
Ny spelar
Ein del merkar seg nok navnet Kjell Ronny av dei spelarane som sit på benken. Dette er fjorårets spelande trenar på Norane; Kjell Ronny Haugen. Han har vore med på nokre treningar før i vinter, og har heile tida ymta frampå at han muligens vert fast. No ser det ut til at dette vert ein realitet, og me er glade for å få ein slik kvalitetspelar i stallen.
Kjell Ronny er i hovudsak midtbanespelar, og er kjendt for sin løpskraft og gode ballbehandling.
Me ynskjer Kjell Ronny velkommen til klubben! Ei nærmare presentasjon kjem seinare her på Veitastrond.com.
Kjendt motstandar
Balestrand skulle vera kjendt for dei fleste, og me har dei siste åra utkjempa mange bataljar med dei. Jamt over har me hatt eitt godt tak på dei, men i siste seriekamp forrige sesong måtte me gje tapt då dei slo oss 7-4.
Kunstgraset på Kreklingen er ei av favorittbanene våre, og det er ikkje mykje kvia å ta turen ut der for å spela kamp. I og med at me rykkte opp til 5.div i haust må me nok ta på oss favorittstempelet i denne kampen, men med det store forfallet me ser ut til ha til denne kampen så vert det truleg ein jamn affære i morgon.
Kampen startar kl 18:00, og me oppfordrar folk å gå mann av huse for å få med seg denne kampen.
|