|
Før kampen; Breimsbygda - Veitastrond

Det vert ein historisk dag i morgon når Veitastrond for fyrste gong skal avstad for å spela fotballkamp i 5.divisjon. Etter ein spanande vinter der me har vore ivrige på overgangsmarkedet, trena godt og spelt mange treningskampar er no endeleg ventetida over. På motsatt side står Breimsbygda, og lite veit me egentleg om kva som møter oss der.
Me er no i den posisjonen at me har ein stall på 26 mann, og me må difor plukka ut ein 18-mannstropp av desse som vert med oss på kampar. Alltid er det spelarar som av ulike årsakar ikkje kan vera med på kamp, men me kjem og til å oppleva å måtte vraka spelarar til kampar. Dette er kjedeleg først og fremst for spelarane som blir utelatne frå troppen, men og for trenarane som tek ut troppen, men slik er no det ein gong i dette gamet.
Dei 11 som truleg startar i morgon er;
Gøran
Sindre - Øivind - Even - Kim Andre
Bjørn - Frank - Kurt - Emil
Richard - Frode
På benken; Ole Kristian, Ivar, Jon Arne, Morten, Jan Erik, Øystein og Øyvind.
Dei som ikkje vert med er; Geir, Gaute, Arvid, Helge, Arne, Vidar, Petter og Kjell Ronny.
Me gjer merksame på at det kan komma forfall på tampen, og me vonar då at dei som er utelatne står klar til å steppa inn. Blant anna er det noko usikkert om Sindre vert speleklar til kampen, men dette får me greie på i kveld. Sidan me reiser oppover med ein minibuss som tek ca 22 stk er det mulighet å vera med opp å sjå på dersom det er ønskeleg.
Breimsbygda
Morgondagens motstandar er Breimsbygda, og kva dei står for på fotballbana er heilt ukjent for oss. Me veit at dei i likhet med oss rykkar frå 6.divisjon. I følge nettsida deira har dei spelt nokre treningskampar i vinter, der dei no sist vann 5-2 i generalprøven mot Sandane 2. I løpet av vinteren har dei forsterka stallen med eit par spelarar frå nettopp Sandane. I utgangspunktet skulle Ståle Sandal (lokal dommar) trena laget, men dette vart det ikkje noko av og me veit ikkje heilt kven som har ansvaret no.
Me kjem i allefall til å gå utpå bana i morgon og gje alt, og vonar at kampen mot Breimsbygda vert ein underhaldande og fair kamp.
Første smak av 5.divisjon
Etter 4 år i 6.divisjon der me stort sett har møtt dei same laga er me no utruleg glade for å få prøva oss i 5.divisjon. Mange nye og spanande motstandarar skal til pers i år, og alt tyder på at det vert ein morosam sesong for oss.
Kampen i morgon startar kl 19:00. VIL-bussen reiser kl 16:45 frå skysstasjon i Sogndal.
|