Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Før kampen; Dale - Veitastrond

Det er ein skikkeleg test Veitastrond står ovanfor når me i morgon tek turen til Dale for å spela mot serieleiaren. Heime på Dingemoen har ikkje laget avgitt eit einaste poeng sidan dei rykka ned frå 3.divisjon i 2007, men det ryktast no at VIL-fotball har alvorlege planar om å setta ein stoppar for denne statistikken i morgon. Ekstra interessant vert denne kampen då Dale vert trena av Stian Neset, som kan kalla seg halv veitastrending og vel så det. Etter ein suksessfull karriere har han slått seg til oppe i Dale, men han hadde nok aldri drøymt om at han skulle leia laget mot sine eigne frå Veitastrond...

Veitastrond stiller truleg med følgande lag i morgon;

Gøran

Frank - Geir - Erlend - Åsmund

Arne - Richard - Bjørn - Helge

Vidar - Kurt

På benken; Øivind, Gaute og Øystein.

Den observante VIL-fan vil snygt sjå at mannefallet er stort til denne kampen, og det passar seg dårleg når ein skal stad å spela mot serieleiaren. Dei som har måtte kasta inn handkledet til denne kampen er Even, Jon Arne, Kim Andre, Kenneth, Øyvind, Jan Erik og Emil. Me er spesielt hardt råka defansivt der vår visekaptein Kim Andre framleis er ute med ein lei kneskade, medan me frå forrige kamp frå Saga må klara oss utan Even i mål, Øyvind på backen og Kenneth i midtforsvaret. Heldigvis har me spelara som er klare til å erstatta desse og me har god tru på at me skal gje Dale kamp til døra i morgon.

Kan og ta med at det er litt usikkert om Morten vert med. Han har slitt med skade den siste tida, men han vert kanskje med i morgon. Dersom han må melda avbud går Richard rett inn på sentral midtbane for han. Me skal gje dykk oppdatering så snygt me veit noko meir.

* Har då fått melding om at Morten ikkje vert med, då han går på pencilin og det som verre er. Richard går då inn på midtbana for han...

Suveren serieleiar

I fjor tapte dei opprykket til 3.divisjon på målstreken mot Jølster, men i år ser det ut som at Dale ikkje har tenkt at nokon skal komma i vegen for deira veg mot fylket sin gjevaste divisjon. Dei har hatt ei knallopning på årets sesong og etter 7 kampar har dei alt fått ei luke på 4 poeng ned til neste lag på tabellen. Dei verkar å vera gode offansivt og med berre 5 baklengs så langt verkar dei å vera botnsolide bakover - samanlikna med oss sjølve er 5 baklengs slik me brukar å få i mot pr kamp.

Som sagt er dei veldig gode heime, og i fjor vann dei samtlege 11 kampar på eige gras. I år har dei halt fram og vunne sine 4 kampar, men me veit at dei var særs nære å gje frå seg poeng mot Lærdal (vann 1-0) for eit par veker sidan, så på ein god dag er alt mogleg for oss i morgon.

Dale er og kjende for å verta sponsa av den kjende teinkeserien Pondus, då forfattaren Frode Øverli har hytte oppe i Dale (trur me...)

Me gler oss uansett til å spela mot Stian Neset & co, og me kan venta oss å spela framfor eit stort og entusiastisk heimepublikum i morgon.

Ein Bøyssjåfør, ein Bøyssjåfør...

...det er ein mann med godt humør!

I morgon har me leigd oss minibuss av Ingar Liheim, og vår eigen Jan Erik "Bøysn" Bøyum har sagt seg villig til å vera sjåfør. Han har vore skada lenge, men har sagt seg villig til å køyra bussen i morgon og dette tykkjer me er storveges gjort av Jan Erik. Kan ta med at denne løysinga sparar oss for store summar mot det å leiga buss m/sjåfør av Billaget.

Me reiser kl 16:15 i morgon frå Skyssen, og alle spelarane MÅ ta med kr 100,- slik at me har til Fjærlandsbommen (dei som ikkje har med peng vert sett av ved bommen...so kan da henda dai finne danna dare pokalen vaor i staden før)

Sidan turen vert lang vert det kanskje mogleg å ta seg eit glas på vegen heim...eller?

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com