Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Før kampen; Eid 2 - Veitastrond

Etter ein god seriestart mot Lærdal som ga Veitastrond 3 poeng så har det gått tråare i våre to siste kampar. To tap og 10 baklengs mål er status og tida er no inne for å reisa kjeringi. I morgon tek VIL fatt på ein ny langtur når me pakkar sekken og dreg til Nordfjordeid for å spela mot Eid 2. Dette vert kampen mellom dei to nyopprykka laga i årets 4.divisjon og vinn og tap kan fort bli skilnaden på nedrykkstrid eller ei for båe laga. Trass i ein del forfall frå vår side er me heiltente på å visa at me framleis kan vinna fotballkampar og me går for å ta sigeren heim i morgon.

Laget som truleg startar;

Gøran

Øyvind - Kenneth - Vidar - Åsmund

Morten - Erlend

Bjørn - Helge - Kurt

Richard

På benken; Frank, Gaute, Øivind og Arne.

Dei som då ikkje vert med er; Even, Geir, Jon Arne, Kim Andre, Emil, Jan Erik og Øystein.

Emil og Geir er framleis begge ute med skade/sjukdom. I tillegg vert laget denne gongen råka hardt av at både vår fyrstekeeper Even og forsvarssjef Kim Andre er ute. Med det manglar me både kaptein, visekaptein og dei to som i utgangspunktet er satt til å organisera dei bakre ledd. For å vega opp mot dette så har me valgt å setta Vidar ned frå sin spissplass til stoggar, for å vera sjef i bakre ledd. Saman med Morten får han ansvar for å dirigera troppande i morgon.

Sidan Even ikkje er med i morgon får Gøran ein velfortent sjanse til å debutera i 4.divisjon. Mannen som leiar treningsstatistikken vår rapporterast til å vera 100% klar for å bevisa at han ikkje berre er god på trening!

Etter to dårlege kampar mot Førde 2 og Selje er det viktig at me er med frå start av i denne kampen. Reiser me heim med 0 poeng i morgon er me for eit botnlag å rekna, og det er det ingen i klubben som hverken har lyst eller ambisjonar til.

Eid 2

Andrelaget til Eid rykka opp frå 5.divisjon etter å ha blitt nummer 2 i sin avdeling. Sidan Førde 3 ikkje kunne rykka opp fekk dei 4.divisjonsbilletten deira og ein gyllen mulighet til å matcha unggutane sine på eit høgare nivå.

Dei fleste har tippa Eid 2 til få det tøft i år, og dei står då og med berre 1 poeng etter 3 kampar. Dei tapte heile 1-7 i fyrste kamp mot Askvoll/Holmedal, før dei tapte knepent 2-3 mot Lærdal og i forrige kamp kapre dei sitt fyrste poeng med 1-1 borte mot Førde 3 - der me tapte tilsvarande kamp 3-5. Altså er det ingen grunn for oss til å kimsa av dette laget.

Veitastrond har aldri før spelt mot Eid, og me gler oss til å gå ut på kunstgraset deira i morgon.

Reiser med buss

Nok ein gong reiser me oppover med buss. Me møter på skysstasjon i Sogndal kl 11:20 og har kampstart kl 15:00. Me har heilt sikkert plass til nokon ekstra dersom nokon ynskjer å vera med oppover. Alle passasjerane betalar kr 100,- for å letta litt på utgiftene til fotballgruppa.

Me kryssar armar og bein og vonar at våre gutar kjem heim med poeng i morgonkveld.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com