|
Før kampen; Eikefjord - Veitastrond
Du kan følga denne kampen direkte HER

Eit høgtflygande Veitastrond lag er klare for nye eventyr, og i morgon går turen til Eikefjord for å spela mot... jepp du gjetta sikkert riktig... Eikefjord. Dette er det einaste laget me spelar mot i år som me ikkje har noko kjennskap til frå før, og me gler oss til å pløva i ukjendt terreng. Veitastrond står som kjendt med 3 strake sigrar og full pott så langt i årets 4.divisjon, og me går til denne kampen som noko så uvanleg som serieleiar. Sikkert gysale kjekt for Eikefjord å få besøk av tabelltoppen, men forhåpentlegvis vert denne gleda kortvarig for deira del...
Veitastrond stiller truleg med følgande lag i morgon;
Gøran
Øivind - Kenneth - Kim Andre - Øyvind
Bjørn - Emil - Helge - Åsmund
Frode - Kurt
På benken; Erlend H, Erlend S, Gaute, Geir, Jon Arne, Jan Erik, Arne og Øystein.
Dei som ikkje vert med er Even, Frank og Richard. I tillegg er det noko usikkert om Arne vert med oppover, samt at Emil lyt ta ein late fitness test etter at han kjende ulumskhetar under ei joggeøkt tidlegare i veka.
På laget som nedsabla Syril forrige veka så går Gøran frå høgrekant til målmann der han erstattar Even, medan Bjørn kjem inn på høgre for Gøran.
Nok ein gong reiser me til kamp med så godt som fullt lag og i tillegg har me god dekning på benken. Dette er me sjølvsagt særs godt nøgde med. Det er og god grunn til å vera nøgd med den atmosfæren som er innad i klubben om dagen. 3 strake sigrar talar for seg sjølv, og i tillegg har me ei god treningsveke bak oss og stemninga i laget har knappast vore betre nokon gong.
Det er ikkje tvil om at byrjinga på årets sesong har vore god, og me kryssar fingrane for at betre skal det bli.
Ukjendt motstandar
Som sagt har me aldri tidlegare spelt mot Eikefjord, og vår kjennskap til laget er ikkje all verda. Så seint som i 2007 spelte dei faktisk i 3.divisjon, men det vart så to nedrykk på rappen før dei i fjor klarde å rykka opp att frå 5. til 4.divisjon.
Dei har starta årets sesong meget bra med ei knepent tap mot seriefavoritt Saga før dei vann mot Askvoll/Holmedal og Skavøypoll. Det vil seia at dei ligg med 6 poeng og kjem opp på a poengsum med oss om dei vinn i morgon. Me trur det er duka for eit jamt og tett oppgjer.
Live-overføring på Veitastrond.com
Sidan redaksjon i Veitastrond.com ikkje reiser oppover i morgon så kjem me til å mobilisera med ei skikkeleg live-overføring. Me oppfordrar difor våre brukarar om å setta av morgonkvelden mellom kl 19:00 og 21:00 til å følga Eikefjord - Veitastrond på internettet.
Kampen startar kl 19:00 og vert spelt på kunstgras.
Veitastrond.com oppfordrar ingen av våre fans til å ta turen til Eikefjord i morgon, men heller følga kampen dirkete på våre heimesider. Teink deg så kjekt då mann, å berra sitta inne å kosa deg med ein kaffikopp, og sjå på nettet medan tv`en surrar i bakgrunn. Kan du teinka deg noko så kjekt ?
|