Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Fjøra - Veitastrond

Me har ikkje før fått lagt etterdønningane etter helgas kamp mot Nord Hordaland bak oss før det i dag er ny kamp for Veitastrond sine utvalgte. For andre gong i vinter så ventar Fjøra på motsatt banehalvdel, og me vil tru at fjørene er innstilte på å visa at dei kan betre enn det dei viste sist gong. Forrige kamp enda med 3-3 og det var den gong lite som tyda på at det var divisjonsskilnad mellom dei to laga. Dette betyr ikkje så mykje i dag, og begge lag stiller til start med blanke ark. For Veitastrond sin del er det nok ein gong mykje folk ute...

Laget som truleg startar i dag er;

??

Øyvind - Geir - Kim Andre - Frank

Arne - Emil - Helge - Bjørn

Frode - Kurt

På benken; Jon Arne, Øivind, Jan Erik og Øystein.

Dei som ikkje blir med er; Even, Erlend, Gaute, Kenneth, Åsmund, Gøran og Richard.

Nok ein gong er det diverre lite folk klare til kamp. Dei som er borte er stort sett på ferie eller jobb, og det er lite å gjera med dette. Som ein ser så er det nok ein gong mangel på keeperar, og me lyt truleg låna med oss ein burvoktar til denne kampen. Even og Gøran er begge utilgjengelege, og Patrik Fritzon som har stått nokre kampar for oss i vinter var uheldig og braut foten i helga. Dermed står me att med få alternativ i våre eigne rekker.

Kurt Heggestad uttalar til Veitastrond.com at det nok ein gong er keisamt at så mange folk ikkje er med, og han er forebudd på ein tøff kamp i dag. "Dette kan bli ein fin anledning til å terpa forsvarsarbeid", uttalar ein noko uvanleg defansiv Veitastrond trenar.

Dette vert altså andre treningskamp mot Fjøra i vinter og forrige kamp enda med 3-3. Etter den tid har Fjøra spelt fleire kampar der dei seinast i helga tapte 0-5 mot Sogndal Fotball.

Kampen går på Kaupanger og vert årets fyrste utandørs. Kampstart er kl 18:00, og for ordens skyld kan me nevna at Tommy Skjerven skal dømma kampen....

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com