Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Fjøra - Veitastrond

Lenge sidan sist og det er ikkje akkurat den mest begivenhetsrike veka i Veitastrond Fotball si korte soge me no legg bak oss. Me vonar at det vert litt meir å skriva heim om i tida som kjem, og det byrjar bra då det i morgon er klart for treningskamp mot Fjøra FK i Sognahallen. Dette vert den andre treningskampen for sesongen, og medan me fekk god matching mot Jølster så tippar me at vanskeleghetsgraden aukar ytterlagare nokre hakk i morgon. I ein periode der Veitastrond ikkje har fått trent skikkeleg kjem denne økta på eit gunstig tidspunkt slik at ikkje spelarane råtnar på rot i sofan medan atletane gjer sine krumsping på fjernsynsapparatet!

Veitastrond startar truleg med følgande lag;

Even

Kenneth - Geir - Kim Andre - Frank

Bjørn - Helge - Emil - Åsmund

Frode - Kurt

På benken; Erlend, Gaute, Jon Arne, Øivind, Øyvind, Jan Erik, Morten, Ole Christian, Arne, Gøran og Øystein.

Einaste som ikkje vert med er Richard som står over med skade og Frode Kvåle som ennå ikkje har vore involvert, og truleg ikkje vil bli det før haustsesongen(?)

Det er verdt å legga merke til at trenarduoen satsar på dei samma 11 spelarane frå start som forrige kamp. I følge Kurt Heggestad er tanken at det skal spelast inn ein fast stamme spelarar i faste posisjonar slik at me kan få inn kontinuitet i det me driv på med. Kim Andre som tidlegare har spelt mest som venstreback er i år tenkt å vera sjølve berebjelken i midtforsvaret. I fjor opplevde me å spela med ulike midtstopparpar for kvar kamp, men i år vonar me å få meir stabilitet innad i laget.

Ellers opplyser Kurt at det ikkje kjem til å bli så mange byter ved pause denne gongen som sist, men det vil uansett komma til å bli ein del endringar utover i 2.omgang. Den andre trenaren; Emil Heggestad, var ikkje råd å få tak i, då han mest truleg ligg i koma nede på Meieriet der han feirar studentveka - tjola hopp!

Hovudmålet vil også denne gongen vera å terpa på det defansive, og dersom denne kampen vert lik treningskampen mot Fjøra i fjor skal det bli god anledning til å øva på nettopp dette. Den gongen tapte me 1-7 og spesielt i 1.omgang vart me då til tider rundspelt av fjørene. Me satsar på at så ikkje skjer i år...

Veitastrond har hatt ein dårleg oppladning til denne kampen då laget ikkje har trent sidan kampen mot Jølster forrige helg. Dette grunnast at fleirtalet av spelarane har prioritert feiring av den nevnte studenveka, og dei som er sopass seriøse at dei stilte opp var så få at treningsveka vart avlyst. Til veka er det varsla om samme tralten, men denne gongen er det fjellsportsfestivalen som får skylda. Festivalen tek opp all plassen i Hallen, og VIL køyrer ei joggeøkte i staden (kjem attende med meir om dette seinare...)

Fjøra FK

Motstandar Fjøra har spelt 3 treningskampar denne sesongen med varierande resultat. SFFK jr og Vik vart slått med henholdsvis 1-0 og 5-0, medan dei tapte overraskande heile 1-5 mot Eid.

Treningskampen i fjor er einaste innbyrdes oppgjer mellom desse to laga tidlegare. Kan og ta med at VIL spelte 3 kampar mot Fjøra 2 i 6.divisjon i 2005, der samtlege enda med Fjøra 2 siger...

Kampen går i Sognahallen og startar kl 19:30. Kampen vil bli spelt i 2 x 40 min.

Sidan vevansvarleg ikkje vert med på denne kampen hadde det passa seg med ei live-overføring, men sidan det er Fjøra FK som står på motsatt side så oppfordrar me i staden våre brukarar å følga med på deira live-overføring.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com