Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Gaular - Veitastrond

Veitastrond har knapt komme seg etter lokalderbyet mot Hafslo på måndag før det allereie i morgon ventar oss ein ny tøff kamp. Denne gongen ventar ein lang bortetur til Osen Stadion i Sande der Gaular står klare til å ta i mot oss. Denne kampen vert uhyrige viktig for oss i kampen om opprykk, og kanskje vert dette nøkkelkampen når det gjeld opprykk eller ei. Det er ein forholdsvis liten tropp som dreg avgarde i morgon, og i tillegg har trenarduoen leika seg litt med formasjonar - så dette vert utvilsamt spanande...

Laget som truleg startar;

Gøran

Geir - Richard - Even - Kim Andre

Emil - Morten

Øyvind - Bjørn - Helge

Frode

På benken; Ole Kristian, Øivind og Vidar

Dei som er ute er Frank, som for andre gong i år sonar karantene, men denne gongen passa det bra då han likevel er i Bergen på konsert med R.E.M. Med han på tur er og Kurt, Øystein og Arne som heller då ikkje vert med til denne kampen. I tillegg er Gaute og Jan Erik oppteken med jobb, og skulle Arvid og Jon Arne verta med oppover så tek me dette som ein bonus.

Dvs at det er mange forfall til denne kampen, men dersom me utelukkar Frank som er suspendert, så var det truleg berre Kurt som hadde starta kampen av dei som er utilgjengelege. Då er det kanskje vel så spanande å sjå korleis VIL vil fungera i vår nykomponerte 4-2-3-1 formasjon. Me legg om til dette fyrst og fremst for å få litt meir defansiv tryggleik, noko ein trygt kan seia me ikkje har hatt i dei siste kampane. Med Emil og Morten som defansive ankre på midten håpar me at me skal få til dette, og me trur heller ikkje me vert så veldig svekka framover når me har ei angrepsrekke på 4 mann. Spesielt spanande vert det å sjå Helge som startar sin fyrste kamp for sesongen, og ikkje minst Bjørn som no får draumerolla som bindeledd mellom midtbane og angrep.

Tøff motstand på Osen

Morgondagens motstandar Gaular var på førahand ein av våre favorittar til å rykka frå avdelinga. Dei forventingane har dei ikkje klart å leva opp til, fyrst og fremst pga sin dårlege borteform. Heime på Osen har det imidlertid gått mykje bedre, og bortsett frå tap 1-2 mot Bjørn har dei vunne alle kampane på Osen. Spesielt imponerande var 6-0 sigeren mot Kaupanger2, men me legg og merke til knusande 9-1 mot Jølster 2 og 6-2 mot Breimsbygda.

Med siger mot oss vil dei vera 5 poeng bak oss med ein kamp mindre spelt, og dei vil då få eit ørlite håp om å vera med i kampen om opprykk.

Fyrste kampen mellom laga vann Veitastrond 4-2 etter at me knekte dei med våre dødballar. Den kampen vart og hugsa for ein del tøffe taklingar og uheldige episodar, men me vonar at begge lag har lagt dette bak seg no og er kun innstilt på å gjera ein god kamp ;)

Reiser med buss

For andre gong i år så reiser me med buss  på bortekamp. Avreise vert frå Skysstasjon kl 16:00.

Til dei som er i troppen - for guds skyld ikkje noko meir forfall no og møt presis!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com