|
Før kampen; Hafslo - Veitastrond
Veitastrond har hatt ei fin innleiing på årets sesong i 5.divisjon, og med tanke på at me i år spelar på eit nivå høgare og har mange nye motstandarar vert kvar kamp ein højdare for oss. Trass i dette så kjenner me likevel på kroppen at noko ekstra no er i ferd med å skje, og dette skuldast sjølvsagt at årets fyrste lokalderby mellom Hafslo og Veitastrond nærmar seg. Dette oppgjeret har etterkvart fått gjetord om seg langt utanfor kommunegrensa, og med tanke på at værgudane ser ut til å vera med oss er det grunn til å tru på folkefest i Moane i morgon!
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Gøran
Frank - Sindre - Even - Kim Andre
Petter - Morten - Emil - Kurt
Richard - Frode
På benken; Ivar, Ole Kristian, Øivind, Gaute, Geir, Bjørn, Øyvind, Jan Erik, Arne og Vidar.
Dei som heilt sikkert ikkje vert med av dei 26 i troppen er Arvid, Jon Arne, Helge, Kjell Ronny og Øystein.
MEN, og her er fleire men`ar, her er ein del usikre kort i troppen du ser ovanfor. Fyrst og fremst er det høgst usikkert om sjefsguru og spelande hovudtrenar Emil Heggestad vert med i morgon. Han pådro seg eit hønselår i kampen mot Gaular og er ennå ikkje heilt god. Emil tvilte i kveld på at han vart klar, men dersom han friskmeldar seg sjølv så startar han i morgon. Dersom han ikkje vert klar så kjem me til å setta Geir rett inn på sentral midtbane for Emil!
Det andre men`et vårt er Arne, som og fekk seg ei skade mot Gaular og i likhet med Emil er han og meget tvilsam.
I tillegg er det heilt sikkert at Bjørn og Ole Kristian ikkje rekk 1.omgang grunna jobbing, men dei kjem kanskje til 2.omgang.
Skulle desse men`ane bli sanning kan me altså risikera å ha maks 6 mann på benken i morgon, men dette får me sjå når me møter opp på Hafslo i morgon.
"The Battle og Luster"
Me som spelar på Veitastrond merkar at det er ei heilt spesiell interesse for denne kampen. Overalt er det folk som er nysgjerrige på denne kampen, og det vert spanande å sjå kor mange som møter opp på tribuna i morgon. Ramma til denne kampen kunne iallefall ikkje vore betre.
Begge laga har opna sesong framifrå, og etter 4 kampar ligg VIL på 2.plass med 9 poeng medan HIL ligg på 4.plass med 7 poeng. Det vil seia at denne kampen vert meget viktig for begge lag med tanke på å henga med Bjørn i toppen. Gopningane spelar denne runde heime mot tabelljumbo Jølster 2, og det skal nok meir enn eit under til om ikkje Bjørn tek med seg 3 poeng der.
Kampane mellom Veitastrond og Hafslo har som regel vore jamnspelde, men me ser likevel tilbake med skrekk og gru på sist gang me møttest i serien. Den gang ydmyka Hafslo oss med 9-1 heime på vårt eige gras - utvilsamt den trisaste dagen i klubben si historie. Det burde soleis vera rom for revansje i morgong, og me reknar ikkje med at det er tenninga det skal stå på i denne kampen.
I ein treningskamp før sesongen vann Veitastrond tilsvarande oppgjer med komfortabel 6-2, men denne gongen går me til med blanke ark og muligens nokre fargestiftar så får me sjå kva me får rabla ned denne gogen...
Møt opp
Kampen startar kl 19:00.
Me garanterar ein kamp med god underhaldning og mykje nerve, og oppfordrar strendingane om å kle seg i blått og møta mannsterke opp i morgon.
|