Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Jølster 2 - Veitastrond

Etter over 14 dagars pause er det i morgon endeleg tid for ny kamp for Veitastrond Fotball. Denne gongen tek me turen til Skei for å spela mot Jølster 2, i det som vert vår viktigaste kamp sålangt i år. I kampen om opprykk vert dette truleg ein vinn eller forsvinn kamp for vår del, og samstundes er kampen vel så viktigt for heimelaget som nok bør vinna minst ein av sine to siste kampar dersom dei skal unngå nedrykk. Altså så ligg alt til rette for ein nervepirrande duell mellom desse to laga!

Veitastrond startar truleg med følgande lag i morgon;

Gøran

Geir - Emil - Even - Frank

Richard - Helge

Øyvind - Bjørn - Kurt

Frode

På benken; Kim Andre, Ole Kristian, Øivind, Gaute, Jan Erik, Øystein og Arne.

Dei som ikkje vert med er Morten og Vidar som begge er på reis, samt Arvid og Jon Arne.

Me vel altså då å halda på 4-2-3-1 formasjonen som me brukte i ein omgang mot Gaular. Me kan vel ikkje akkurat seia at me traff blink med denne formasjonen sist, då den var meint å gje oss defansiv tryggliek men enda med 9 baklengs. Likevel har me stor tru på at denne formasjonen nettopp skal vera nøkkelen til god defansiv organisering, og me gjer nokre rokkeringar i startellevaren som vonaleg skal gje oss dette. Det mest markante er å setta Emil ned i midtforsvaret, og Richard opp på midtbana - utelukkande for å få meir fart i det bakre ledd. I tillegg må og Kim Andre finna seg i å starta denne kampen på benken. Han jobbar mykje utanbygs og har vore lite på trening siste tida, og me føler då det vert rett å prioritera dei som er trufaste på treningsfeltet og nyttar då Geir og Frank på backane i denne kampen.

Offansivt kjem Kurt innatt på venstrevingen, og i likhet med Gaular kampen vonar me at me skal klara oss bra framover på bana.

Jølster 2

Morgondagens motstandar såg lenge fortapt ut i denne avdelinga då dei tapte dei 6 første seriekampane, men dei fekk tydelegvis ei vitamininnsprøyting når dei slo Breimsbygda 2-0 i siste vårkampen. I haust har dei haldt fram med å sanka poeng med siger mot Vadheim/Høyang 2, uavgjort borte mot Kaupanger 2 og ein imponerande 3-0 siger borte mot Hafslo. I siste serierunde var det imidlertid tilbake til gamle takter då dei tapte 5-0 heima mot Bjørn.

Uansett ventar me oss ein tøff kamp i morgon, og me tek ingenting for gitt. Me må vera 100% skjerpa til denne kampen, og sørga for at 3 poeng vert med oss heim. Vil vera ein gedigen nedtur dersom Bjørn no skulle avgjera serien før siste kampen mot dei...

Kunstgras

Kampen i morgon startar klokka 18:00, og går på kunstgras.

Me oppfordrar alle våre fans rundt om i distriktet å ta turen til Skei i morgon for å støtta klubben i dykkars hjarta!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com