Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Kaupanger 2 - Veitastrond

I morgon spelar Veitastrond sin generalprøve før 5.divisjonssirkuset sparkast i gang neste fredag. Denne gongen tek me turen til Kaupangerskogen, for å spela mot vår divisjonskollega Kaupanger 2. Omtrent på samme tid i fjor tapte me 2-8 i tilsvarande oppgjer så me burde ha litt å revansjera i denne kampen.

Veitastrond siller truleg med følgande lag i morgon;

Gøran

Sindre - Øivind - Even (k) - Kim Andre

Bjørn - Frank - Kurt - Petter

Emil - Frode

På benken; Jon Arne, Arvid, Ivar, Ole Kristian, Gaute, Geir, Morten, Øyvind, Jan Erik, Arne og Øystein.

Morten har vore sjuk den siste tida, og det er høgst usikkert om han vert med til denne kampen. Dei som heilt sikkert ikkje er med er Helge som framleis er i praksis, Kjell Ronny er på jobb, Vidar er skada medan Richard er på helgetur til bergen. For Richard sitt vedkommande er dette fyrste gongen han ikkje er med på ein kamp for Veitastrond. Fram til dags dato har han vore med på samtlege 82 serie-, trenings- og cupkampar, men denne gongen må han altså kasta inn håndkledet.

Det er uansett flott å sjå at me denne gongen kan stilla til kamp med ein tropp på over 20 mann. Så langt i treningskampane har oppmøte vore noko varierande, men endeleg ser det ut som om trenar Emil Heggestad kan stå ovanfor nokre luksusproblem når han skal ta ut dei 11 som startar.

Kjendt motstandar

Morgondagens motstandar skulle vera kjendt for dei fleste då me har møtt dei i treningskamp framfor kvar sesong me har spelt, i tillegg til at me var i samme serie som dei i 2004. Vanlegvis har det vore jamne oppgjer, bortsett frå fjoråret då KIL2 med Geir Erik Røysi i spissen rundspelte oss og vann heile 8-2.

Dagens KIL2 lag er ein lett blanding av unggutar, gamle ringrevar og nokre studentar. Med tanke på at fyrstelaget deira speler kamp kvelden før er det og venta at ein del reservar derifrå vert med mot oss.

Sidan me er i samme divisjon i år vert dette ein fin målestokk for Veitastrond i generalprøven.

Garderobelaust

Me minnar spelarane om at me diverre ikkje får tilgang til garderobar på Kaupanger.

Kampens dommar Lasse Opseth bles i gang kampen i morgon kl 11:00. Møt opp!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com