|
Før kampen; Kaupanger 2 - Veitastrond

Etter 2 lange bortekampar vert det i morgon ein kortare tur for oss når me gjer oss klar for årets fyrste lokalderby, borte mot Kaupanger 2. Det er ein stor tropp som er klar for denne kampen, som på mange måtar vert ein vera eller ikkje vera i toppen for vår del.
Veitastrond stiller truleg med følgande lag i morgon;
Gøran
Ivar - Sindre - Even - Kim Andre
Petter - Emil - Morten - Kurt
Richard - Frode
På benken; Ole Kristian, Øivind, Geir, Bjørn, Jan Erik, Øyvind og Arne.
Dei som ikkje vert med av ymse årsaker er Arvid, Jon Arne, Gaute, Frank, Helge, Kjell Ronny, Vidar og Øystein. Dersom det er nokon som er med i 18-mannstroppen, men som veit dei ikkje har anledning må gje beskjed om dette!
Som de ser så er det på papiret eit meget sterkt lag me mønstrar denne gongen. Frå forrige kamp har ikkje Frank anledning til å vera med, og einaste endring me gjer frå den kampen er då å setta Ivar inn for han. Bortsett frå det gjer me så få endringar som mogleg. Dette vil blant anna seia at Bjørn og Øiving opplever noko så sjeldan som å bli vraka frå fyrste 11-aren, men me er visse på at desse to kjem sterkt tilbake...Me har uansett ein benk som ser meget bra ut, og her er det mange alternativer for trenar Emil utover i kampen.
Tabelleiaren på Skogen
Før denne kampen låg Kaupanger 2 på toppen av tabellen saman med Bjørn etter at dei vann sine to fyrste kampar mot Hafslo og Jølster 2. I flg Kaupanger sine heimesider er dei no heiltende framfor det som i følge dei sjølve vert årets kamp for 2.laget.
Skulle me tapa denne kampen er me plutseleg 6 poeng bak KIL2 på toppen, og det er då nesten som me allereie er hekta av i toppen av avdelinga. Sidan me har som håp å vera med å kjema heilt der oppe er altså då denne kampen særs viktig for oss.
Diverre så er nok statistikken i mot oss når det gjeld Kaupanger. På dei siste 5 åra har me møtt dei grønkledde heile 8 gonger (2 serie-, 1 cup- og 5 treningskampar) På desse kampane står me bokført med 3 uavgjorte, 5 tap og ein målskilnad på 15-35. Her skulle det dermed vera rom for revansje, og ein betre anledning enn i morgon vil me neppe få igjen.
Møt opp
Det er venta at heimefansen til KIL2 møter mannssterke opp til denne kampen, og for å vega opp mot dette så oppfordrar me VIL-fans i aldrar og fasongar om å møta opp i blåtrøya i morgon for å støtta klubben sin.
Kampen startar kl 19:30, og vert spelt på kunstgraset på Kaupanger!
|