|
Før kampen; Kaupanger - Veitastrond

Det er i morgon duka for Veitastrond sin andre treningskamp for året. Denne gongen tek me turen til Kaupangerskogen for å spela utandørs for fyrste gong sidan KM-finalen i oktober. På motsatt side står Kaupanger, og me får dermed nok ein gong bryna oss mot eit lag frå 3.divisjon. Alt tyder på at VIL kjem til å få det tøft også i denne kampen, men her skal det utvilsamt spelast kamp før rekneskapen vert oppgjort. Det er eit noko svekka VIL lag som stiller til start i morgon, og i tillegg vil me eksprimentera litt med formasjonar, så får det heller gå som det vil (...so han sa guten når han løyste broki)
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Gøran
Øyvind - Kenneth - Geir - Frank
Richard - Morten
Bjørn - Helge - Emil
Arne
På benken; Jon Arne, Øivind, Gaute, Jan Erik, Øystein og Vidar.
På grunn av ferie og skadar må Veitastrond klara seg utan 3 av sine nøkkelspelarar i Even, Kim Andre og Kurt. Dermed stiller me til start utan våre 3 heitaste kandidatar til å bera kapteinsbindet, og savnet av desse vil utvilsamt bli merksamt.
Veitastrond stiller i morgon i ein 4-2-3-1 formasjon, eller 4-5-1 om ein vil. Dette gjer me for å prøva å få bukt med den defansive organiseringa som ikkje fungert særleg bra mot Sogndal (har forsåvitt ikkje fungert på fleire år så spørst vel om desse grepa vil hjelpa heller...) Emil og Richard som starta på topp i forrige kamp går no ned på midtbana, og me set inn Arne som einsam spiss. Arne har ikkje starta ein fotballkamp på fleie år (?), men med sin ekstreme fysikk er me sikre på at han vil gjera jobben på topp.
Bakover savnar me framleis Kim Andre og i tillegg har Øivind vore sjuk den siste tida og startar på benken i morgon. Mot Sogndal 2 hadde me i løpet av kampen 3 ulike stopparpar, og til denne kampen startar me igjen med eit nykomponert stoggarpar. Me vonar at farta til Kenneth og duellstyrken til Geir skal komma til syne her og sørga for å halda tett bakover.
Kaupanger
Veitastrond har berre spelt mot Kaupanger ein gong før. I 2004 tapte me ikkje mindre enn 4-9 i fyrste runde i Firda-cupen mot kaupsingane. Imidlertid har me møtt Kaupanger 2 ved fleire høve både i serie og treningskampar, der me i seriesamanheng står bokført med 2 sigrar og 2 tap fordelt på 4 kampar.
Det er knytta stor spaning til Kaupanger i årets 3.divisjon som har mista sentrale spelarar i brørne Vegard - og Jørn Skjeldestad, og i tillegg har dei skifta ut hovudtrenar Kjetil Sønnesyn med Kenneth Teigen. Sjølv om me ikkje har den heilt store innsikten i laga i 3.divisjon er det rimeleg å tru at KIL vil få det tøft i den kommande sesongen.
Kampen i morgon startar kl 18:00, og går på kunstgraset på Kaupangerskogen.
Sjølv om me ikkje står som arrangør til denne kampen føler me oss likevel sikre på at inngang til kampen er gratis!
|