Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Før kampen; Lærdal - Veitastrond

Endeleg er ventetida over og me gjer oss for alvor no klare til seriestart. Etter ein lang treningsvinter tek me i morgon turen over fjorden til Lærdal for å spela vår fyrste kamp nokon gong i 4.divisjon. No skal alt det me har øvd oss på i vinter slå ut i full blomst slik at me forhåpentlegvis kan reisa heimatte med poeng i sekken i morgonkveld. Frå Veitastrond leiren meldast det om ein nesten fulltallig tropp, men med eit par-tre usikkerhetsmoment. Uansett trur me at me skal stilla mannsterke opp og gjera ein god innsats for bygd og fedreland.

Dei 11 som startar Veitastrond sin fyrste kamp i 4.divisjon er truleg;

Even

Øyvind - Geir - Kenneth - Kim Andre

Emil - Morten

Bjørn - Helge - Kurt

Richard

På benken; Erlend, Gaute, Jon Arne, Øivind, Jan Erik, Åsmund, Arne, Gøran, Vidar og Øystein.

Den einaste me veit som ikkje blir med er Frank, som prioriterar heisatur til Skottland i staden for kamp (han trur framleis ham er 19 år stakkar...) I tillegg er det ein del spelarar som er særs usikre. Både Emil og Kim Andre stod over tysdagens kamp mot Hafslo med sjukdom, men forhåpentlegvis melder begge seg klare til kamp i morgon. Morten var heller ikkje med på tysdag og etter det me veit har han vore sjukmeldt nokre dagar frå jobben, men i følge han sjølv har han eit godt håp om å rekka denne kampen. Me kryssar fingrane for alle 3, og ser at me vert vesentleg svekka utan dei på laget.

Ellers håpar me dei fleste spelarane våre er klare til kamp. Har diverre fått trent lite fram mot denne kampen grunna påskeferie, men me vonar at me fekk ut litt grums av kroppen i kampen mot Hafslo som me ikkje har særleg bruk for i morgon.

Lærdal fyrste lag ut

Det er altså lærdølene som vert dei fyrste me skal bryna oss på i 4.divisjon. Dei rykka i 2005 og 2006 opp frå henholdsvis 6. og 5.divisjon, og har sidan slått rot i 4.divisjon. Riktignok har dei ikkje levert så gode resultat som ein kanskje skulle tru etter dei imponerande opprykkssesongane, og dei har stort sett slitt på nedre halvdel siste to åra. Det er vanskeleg for oss å bedømma om det vert noko endring i år, men me vert ikkje særleg overraska om det vert ein sesong mykje likt dei to forrige for lærdølene.

Me har tidlegare spelt 5 seriekampar mot Lærdal, men står ikkje akkurat med imponerande statistikk mot dei. I 2004 og 2005 tapte me alle kampane mot dei i serien, og særleg borte fekk me som hatten passa med 1-7 og 0-6 i bagasjen. Heime på Leikvoll var det som regel litt jamnare, men me tapte likevel knepet her og. Dette gjer til at Lærdal saman med Fjøra 2 er dei einaste laga me aldri har teke poeng mot, og dette burde vel vera motivasjon nok til å gjera noko med i morgon.

Morgondagen kamp går på kunstgraset deire og her har me spelt ein kamp tidlegare. I 2007 sesongen vann me heile 6-1 borte mot Aurland/Lærdal 2 så slik sett skulle me vil finna oss godt til rette med underlaget.

Møt opp

Dette vert ein av 3 kampar på bortebane mot lag i Sogn, og har du planar om å få med deg ein bortekamp i år er dette kanskje eit godt alternativ...

Kampen startar kl 19:00, og me oppfordrar alle som støttar Veitastrond om å ta turen over fjorden og løfta fram sine heltar.

Saman er me blå!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com