|
Før kampen; Lærdal - Veitastrond

Ny helg, ny kamp og nok ein er det ein meget viktig kamp som Veitastrond sine utvalgte står ovanfor. Når me i dag reiser over fjorden for å spela mot Lærdal så møter me eit lag som ligg 2 plassar og 3 poeng bak oss på tabellen. VIL ligg i dag på 5.plass, medan Lærdal er på den utsette 7.plassen som gjer nedrykk til neste års 5.divisjon. Så tett og jamt må me rekna med at det vert i dei resterande kampane i årets sesong, så her er det berre å bretta opp ermane og henta heim 3 verdifulle poeng.
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Even
Øivind - Richard - Kim Andre - Andreas
Bjørn - Frode Kvåle - Emil - Åsmund
Frode Kvam - Kurt
På benken; Gaute, Olai og Gøran
Dei som ikkje er med er Patrik (skada), Erlend (skada), Frank (i krig), Geir, Kenneth, Øyvind (spelar konsert), Arne (skada) og Øystein (på konsert).
Det er fyrst og fremst i dei bakre ledd VIL er noko svekka til denne kampen. Me vil nok tru at spelarar som Patrik, Erlend, Frank, Geir, Kenneth og Øyvind alle ville ha vore heite kandidatar til å starta dersom dei var speleklare. I tillegg sleit Øivind med skade på trening før i veka så me får sjå kor lenge han held i dag.
Offansivt ser det langt betre ut, og me tør vel påstå at dei 6 som spelar framfor forsvaret er det mest slagkraftige me har å by på. På benken har me 3 mann, og VIL skal vera sjeleglade for at me henta inn 3 spelarar i sommarferien, ellers hadde det vore tynt i rekkene til denne kampen.
Lærdal
Kampane mellom Veitastrond og Lærdal har alltid vore tøffe og det reknar me med at denne kampen vil bli og. Dette er fyrste gong me får spela på grasbana til Lærdal sidan me møtte dei 6.divisjon i 2005. Medan me har to sigrar av 2 moglege (1 mot Aurland/Lærdal 2) på kunsgrasbana deira så har me 2 tap på henholdsvis 0-6 og 1-7 på grasbana deira. Me vonar at me kan pynta litt på denne statisitkken i morgon.
I vårkampen vann Lærdal 3-2 på Leikvoll etter at Veitastrond leia den kampen 2-0...
Årets sesong har vore litt på det jevne for Lærdal. Dei befinn seg no i likhet med oss i midtsjiktet på tabellen der 8 klubbar kjempar om å komma seg inn på dei 5 plassane bak Saga, som gjer plass i neste års 4.divisjon. Verdt å merka seg at Lærdal har ein meget dårleg målskilnad. Dei står med -10 og er einaste laget utanom dei 3 botnlaga som har negativt forteikn i målprotokollen. Lærdal scorar lite og slepp inn mykje, noko som sjeldan har vore ein særleg god kombinasjon i fotball.
Me håpar å plukka med oss poeng i dag, men er førebudd på tøff kamp frå lærdølene.
Kampen byrjar kl 18:30 i kveld, og burde vera ein finfin fredagstur for vore trufaste tilhengarar.
|