Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Sandane - Veitastrond

Dersom nokon framleis er i lykkerus etter dei 3 poenga me sanka inn forrige fredag mot Dale, så anbefalar me at de rister av dykk dette umiddelbart. I morgon er det nemleg på ny klart for viktig kamp for Veitastrond når me tek turen til Sandane for ein av årets aller vanskelegaste testar. Etter sigeren mot Dale ligg VIL som kjendt over streken for fyrste gong på lenge og på mange måtar er me komne i den situasjonen at me no kan tola eit tap i serieavslutninga. No har me ikkje ambisjonar om å tapa denne kampen, men med tanke på at morgondagens motstandar kjempar ein innbitt kamp om å klara opprykk reknar me med at me får det tøft her. Veitastrond er noko redusert sidan forrige helg, men me stiller likevel mannsterke til dette oppgjeret.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Gøran

Øyvind - Geir - Erlend - Kim Andre

Bjørn - Emil - Åsmund

Frode - Richard - Kurt

På benken; Frank, Gaute, Kenneth, Øivind, Ole Christian, Arne og Øystein.

Dei som truleg ikkje vert med er Even, Jon Arne, Helge, Jan Erik, Morten og Vidar.

Frå laget som starta mot Dale manglar me vår fyrstekeeper Even. Han var kampens beste spelar forrige fredag og gjorde seg særleg bemerka med si strafferedning på stillinga 0-2. Denne gongen prioriterar han familieliv og inn kjem Gøran som dermed får velfortent speletid. No skal det seiast at Gøran slit med ein skulderskade og han kunne ikkje stå i mål på gårsdagens trening, så me lyt nok setta eit lite spørsmålstegn ved keeperplassen, men me vel å tru at Gøran taklar dette.

I tillegg til Even så er Helge heller ikkje med då han skal til Estland (?)

For fyrste gong på lenge ligg Veitastrond over streken før rundens kampar tek til. Me har betre målsklinad enn Førde 2 og me er sjølvsagt klar over at dersom me vinn ein kamp til denne sesongen så må Førde ha minst 4 poeng i sesongavslutninga. Me reiser i morgon til Sandane med vissheta om at me ikkje må vinna denne kampen, og forhåpentlegvis så kan spelarane gå inn til kampen med senka skuldrar.

Veitastrond har dårleg erfaring med bortekampar mot topplaga i år og me står så langt med 1-5 vs Selja, 1-3 vs Dale og 1-5 vs Saga. Alle desse laga slo me på heimebane, men Sandane har me allereie tapt mot på eige gras og kanskje kan me snu trenden her og ta poenga på bortebane. Det er uansett på tide med ein bortesiger no då me går inn til denne kampen med 8 strake tap på framand gras.

Årets tøffaste?

Sandane har eit meget spanande lag på gang, og det verkar som dei satsar hardt for å klara opprykk til Fridaligaen - i motsetning til opprykksrivalane Saga og Selje som har uttalt at det kanskje er like greit om dei blir verande i 4.divisjon...

Laget har mange gode unge spelarar der særleg brørne Ruben og Mads Wie på topp har utmerka seg denne sesongen. Ein av utfordringane i morgon vert å passa på at desse to ikkje får for mykje armslag.

Før denne kampen ligg dei på opprykks- og 2.plass og eit tap i denne kampen vil truleg vera som ein liten katastrofe for dei å rekna (om ein kan nytta eit slikt uttrykk innanfor 4.divisjonsfotballen...) På eige gras står dei med sterke 6-1-2, men det skal takast med at det ikkje er mange vekene sidan dei tapte 0-1 heime mot Skavøypoll - kan dei så kan vel me og?

Me anbefalar ellers å sjekka ut Sandane sine heimesider. Dei har som regel fyldig dekning både før, under og etter kampane sine og me reknar ikkje med det vert noko annleis denne gongen. Du finne sidene deira ved å gå inn på Lenker i menyen ovanfor...

Flomlyskamp

Denne kampen startar så seint som kl 19:00 og vert dermed noko så sjeldan som ein flomlyskamp.

Kampen går på Sandane sitt nye kunstgrasanlegg, noko som ikkje bør vera noko bakdel for vår del.

Kan og ta med at me stiller i våre vanlege blåe heimedrakter til trass for at Sandane har samme farge. Dette skuldast dels at me ikkje heilt visste om me hadde nok svarte bortedrakter, men mest fordi at heimelaget var redd for at svart og blått blir for likt i flomlyset. Dermed vert det kvitt heimelag vs blått bortelag.

Veitastrond reiser med buss frå skysstasjon i Songdal kl 16:30, og me har sikkert nokre ledige plassar om nokon har lyst å bli med.

Sjølve kampen startar altså kl 19:00.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com