|
Før kampen; Selje - Veitastrond

Veitastrond Fotball tek i morgon fatt på det som i vår målestokk kan kallast ei amerikareise. Me skal reisa så langt nordvest som me kjem i fylket vårt, nett streifa innom Møre og Romsdal og forhåpentlegvis endar me opp i Selje. Lengre enn dette kjem me truleg aldri til å reisa på ein bortekamp, men det er gjerne like greitt å gjera seg ferdig med dette no på våren. Som trøst får me tru at det kanskje vert endå verre for Selje når dei skal forvilla seg fram i strandavegen ein gong utpå hausten. Når det gjeld det fotballmessige skulle dette og vera grunn til å frykta då Selje rykka ned frå 3. divisjon i fjor og er blant favorittane til å "kuppa heile driden" i årets 4.divisjon. Med all sannsynleg så kjem me altså heim i morgonkveld etter ein 12 timars tur, godt bilsjuke og med 0 poeng i sekken...sitt slikt dao mann??
Laget som truleg startar i morgon;
Even
Øyvind - Richard - Kim Andre - Åsmund
Erlend - Morten
Bjørn - Helge - Kurt
Vidar
På benken; Frank, Øivind, Gaute, Øystein og Gøran.
Dei som ikkje vert med er Geir, Jon Arne, Jan Erik, Arne, Kenneth og Emil. Sistnevnte er som kjendt sjuk, men vert sjølvsagt med oppover for å utføra sine treningsgjerningar.
Etter den skuffande oppvisningen mot Førde 2 er det eit revansjesugent Veitastrond lag som skal entra bana i morgon. Eit lag som vil visa at dei kan hamla opp med dei beste i denne divisjonen, og slik sett er Selje ein framifrå test mot oss. Kvar enkelt må gå i seg sjølv og gå utpå med ein fandenivolsk innstilling og gje 110% heile kampen igjennom. Viss ikkje er me redd det skal halda hardt å ta med poeng i morgon.
Opprykksfavoritt i havgapet
Selje rykka altså ned frå 3.divisjon i fjor og er naturlegvis blant favorittane til å rykka opp igjen dit i år. Likevel har me høyrt rykter om at ein del av dei gamle traverane deira har lagt skodna på hylla, og dei er i ferd med å bygga opp eit nytt lag. Dette vil seia mykje ungt og urutinert som gjerne vil variera ein del i prestasjonar.
Så langt i år har det gått bra for seljedølene som står med 4 poeng på dei to fyrste kampane. Dei har ein målskilnad på 2-1, men etter at dei har spelt mot Veitastrond i morgon må dei nok rekna med at denne vert adskilligt større i båe endar - er likso ikkje kjende for å vera av den gjerrige sorten me...
Heimepublikumet til Selje er kjende for å vera av det entusiastiske slaget og dette smittar ofte over til spelarane deira og. Skal visst ikkje bli særleg forundra om ein får passet sitt påskreve frå tribuneplass i morgon, men dette får me heller tåla vaksne karar som me er. I og med at det er 1.mai skal ein ikkje sjå bort ifrå at det vert folksamt på tribuna i morgon og i så tilfellet gler me oss til dette.
Når vesle Veitastrond kjem på besøk så forventar heilt sikkert heimepubliken 3 poeng, men så var det dette med at ein ikkje skal Selje skinnet før bjørnen er både skoten og erklært sinnsjuk i gjerningsaugneblinken då.
Reiser med buss
Veitastrond sine spelarar reiser med buss frå skysstasjon i Sogndal kl 12:15, og sjølve kampen startar på Selje Idrettspark kl 17:00. Skulle ideelt sett hatt den noko tidlegare, men dette fekk me diverre ikkje til.
Alle dei som skal vera med oppover skal betala 200 kr for bussturen!!! Me har truleg nokre ledige seter for eventuelle supportarar som vil vera med.
På heimatte turen tek me oss noko leskande i strupen, og Vidar Johann Vadseth skal i følge rykta stå klar med ein fornøyeleg buss-quiz. Dette vert gjennomført uavhengig av kor mange poeng me har med oss heim...
|