|
Før kampen; Sogndal 2 - Veitastrond

Det er stor spaning i VIL-leiren framfor morgondagens kamp mot Sogndal 2, som vert Veitastrond sin fyrste treningskamp for sesongen 2009. På motsatt banehalvdel ventar Sogndal 2 og 3.divisjon, og me kjem her verkeleg til å få prøva oss mot eit lag som på papiret skulle vera nokre strå vassare enn oss sjølve. Nokre spelarar har forlatt VIL etter fjoråret, og ein mann har så langt komme inn. Stallen er pr. dags ein mann eller for to for liten, men i morgon har me så godt som alle mann klare og då ser det meget bra ut.
Dei 11 som truleg startar for VIL i morgon;
Even
Øyvind - Geir - Øivind - Frank
Bjørn - Helge - Morten - Kurt
Richard - Emil
På benken; Jon Arne, Gaute, Kenneth, Jan Erik, Øystein, Vidar og Gøran. Dei som ikkjer vert med er Arvid, Kim Andre og Arne.
På førehand er det avtalt at Kenneth og Vidar kjem inn i pausen. I utgangspunktet så startar Veitastrond i ein klassisk 4-4-2 formasjon, men kjem muligens til å legga om til 4-5-1 undervegs, og me trekker då Emil ned på midtbana.
Trenarduoen har alternartiv på samtlege plassar, og det var ikkje noko enkel sak å ta ut dei 11 som skal starta årets fyrste treningskamp. Godt er det då at det berre er treningskamp, og me kan nytta tiden fram mot seriestart på å eksprimentera med både spelarar og formasjonar.
Dei spelarane som er i troppen i morgon skulle vera kjendt for dei fleste, bortsett frå Kenneth Mo som får sin ilddåp i VIL-trøya i morgon. Ein lengre presentasjon og bilder av vårt nye stjerneskot kjem om ikkje lenge. I tillegg blir dette og fyrste kamp for Even som keeper etter at han har valgt å gjera comeback som burvoktar i år.
Tøff motstand
Det er liten tvil om at morgondagens motstandar er ein av dei beste laga me nokon gong har prøvd oss mot. Sogndal 2 er som regel å finna på øvre halvdel av 3.divisjon, og me snakkar her om spelarar som trenar ein god del meir enn det våre gutar gjer.
Dei som håpar å få sjå nokon A-lagsspelarar i morgon kjem nok til å bli skuffa då me reknar me at SIL2 stiller eit lag som stort sett består av unggutane i SIL2-troppen. Altså dei som ofte må finna seg i å sitta på benken i seriekampane...
Uansett kjem nok desse til å gje oss tøff og god motstand i morgon, og me gler oss stort til å komma i gang.
Veitastrond har aldri før spelt mot Sogndal 2, men har mange kampar mot Sogndal 3 bak oss frå tidelgare sesongar.
Kampen går i Sognahallen, og startar kl 12:00. Det er gratis inngang, og me oppfordrar alle som ein om å ta laurdagen i hallen i morgon.
|