Før kampen; Sogndal 3 - Veitastrond
Ventetida er endeleg over, og det er no klart for VIL-fotball sin første seriekamp for sesongen. Me utsette som kjent det som skulle ha vore seriestart forrige veka, og det er no ein heiltent gjeng som møter Sogndal 3 i Sognahallen kl 19:00 i morgon kveld._spelarmote2/emilio.jpg)
Det har vore ei noko spesiell pre-season for Veitastrond. Oppmøtet og kvaliteten på treningane har i heile vinter vore utruleg bra, medan resultata i treningskampane ikkje har vore så imponerande. Dette i motsetnad til forrige sesong, då me hadde gode resultat i treningskampane til trass for dårleg oppslutnad på treningane. Mykje av æra den gongen skal nok fjorårets-trenar Leiv Inge Fimreite ha, han er ein erfaren ringrev innan trenaryrke, og det bli spennande i år å sjå korleis den langt meir urutinerte Emil Heggestad vil klara seg. Han har riktignok eit år som hovudtrenar og to år som assistent bak seg, og kjenner ellers klubben bedre enn dei fleste.
Den nye trenaren seier til Veitastrond.com at han ikkje er bekymra for resultata i treningskampane. "Nei, slettes ikkje. Kurva peikar rett veg, og eg trur me blir farlege. Motstanden i oppkøyringsfasen har vore av høg kvalitet, og til trass for ein del baklengs har me til tider synt prov på at me har mykje kvalitet i laget. Mykje av dette fekk me ut i generalprøven mot Balestrand, då me spelde ball i hatt med dei i 90 minutt. Me vann 4-3, men kunne like gjerne ha vunne med både 5 og 6 mål"
For Veitastrond startar følgande 11 mann: Gøran - Ivar, Emil, Øivind, Even - Petter, Bjørn, Frank Robert, Helge - Erlend, Richard. På benken har me; Jon Arne, Jonny, Geir, Vidar, Arne, Øystein, Pelle, Arvid, Jan Erik og Ole Kristian. Det vil seia at dei einaste som ikkje blir med i morgon er Lasse, Tor Olav og Frank. Skal ikkje sjå vekk i frå at det kjem nokre fleire fråfall før kampstart i morgon, men uansett ser det meget lovande ut for VIL-fotball...
Sogndal 3
Vår motstandar Sogndal 3 hadde sin første seriekamp allereie forrige tysdag då dei spelte 0-0 borte mot Aurland. Laget består stort sett av unggutar, og mest truleg kan me venta oss å møta eit lag som er interessert i å spela fotball og ein skal ikkje sjå vekk i frå at dette er spelarar som kan springa i dagasvis. Dei kjem mest truleg til å kjempa med nebb og klør for å gjenta bedrifta frå Leikvoll i fjor då dei vann 3-2 i vårt siste møte. For å vita meir om ståa i Sogndal 3 kan du lesa deira før kampen reportasje HER.
Veitastrond.com har alt om kampen
Som tidlegare sesongar satsar me og i år på å servera brukarane våre rykande ferske kampreferat allereie på sjølve kampdagen. Av og til kan det førekomma at tida ikkje strekk til, men då får me prøva å koka i hop noko dager derpå.
Det nye store denne sesongen er at me for kvar kamp kjem til å kåra VIL-fotball sin beste spelar. Dette skal skje ved at me deler ut i alt 6 VIL-stjerner kvar kamp; 3 til den beste, 2 til den nest beste og 1 til den tredje beste. Sidan vevansvarleg sjølv er oppteken med å spela (ellers sitta på benken...) så føler eg meg innhabil til å stå for denne kåringa. Difor skal eg framfor kvar kamp plukka ut ein i frå publikum som skal stå for kåringa. Soleis kan ein gjerne kalla dette "Supportarane sin pris". Målet er at me skal ha forskjellige personar kvar gong til å stå for kåringa. På heimebana er ikkje dette noko problem, då det er mange å ta av. På bortebane kan det enkelte gonger bli vanskeleg å finna nokon bortesupportara, så då får me nytta oss av folk me har på benken eller muligens våre motstandar sine fans. Me i Veitastrond.com har klokketru på det nye konseptet vårt, og trur spelarane kjem til å sleva etter tittelen Årets VIL Stjerna!
I tillegg skal me i år og prøva å telja målgivande pasningar i tillegg til målscorar og gule/raude kort. Må sannsynlegvis ha litt hjelp frå sidelinja til dette og.
Veitastrond er no heiltende framfor seriestarten, og me håpar flest mogleg strendingar og andre fans tek turen innom Sognahallen i morgon.
|