|
Før kampen; Skavøypoll - Veitastrond

Det er ein meget slunken VIL-tropp som i morgon reiser avstad til ein av dei siste lange boreturane for sesongen. Klubben er i ein aldri så liten spelarkrise, og litt for mange er av ymse årsaker utilgjengelge til denne kampen. Denne situasjonen har blant anna gjort til at me har måtte gå til det drastiske grepet å henta inn ein spelar via lånemarkedet. 16 år gamle Patrik Fritzon tok utfordinga på strak arm, signerte kontrakt med VIL i går og går rett inn som burvoktar til morgondagens kamp. Til trass for mange spelarar ute mønstrar me ein slagkraftig fyrsteellevar som har tenkt seg opp til Polljen for å henta 3 poeng i denne viktige botnkampen.
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Patrik
Gøran - Kenneth - Geir (c) - Øyvind
Emil - Bjørn - Morten - Åsmund
Richard - Kurt
På benken; Øystein
Dei som ikkje blir med er Kim Andre, Øivind, Arne og Jan Erik som er skada, Frank og Even som prioriterar familieliv, Erlend og Gaute er på tur/ferie, Vidar skal i bryllaup, Helge er reist heim for vårsesongen medan Jon Arne ikkje har vore med på ein evighet. Altså har alle som ein gyldigt fråvær og det er lite me får gjort med dette. I tillegg til alle desse så startar Kenneth og Morten i morgon til trass for at dei har slitt med småskadar siste tida. Forhåpentlegvis vil denne situasjonen betra seg når me kjem til haustsesongen, slik at me har litt meir å velga i enn det me har pr dags dato.
Patrik får altså sin debut i VIL-trøya og i tillegg så vert dette fyrste kamp som utespelar frå start for Gøran.
På bakgrunn av spelarsituasjonen vår så gjorde me eit forsøk på utsetta denne kampen, men dette ville ikkje Skavøypoll vera med med på. Dette er dei i sin fulle rett til å nekta då klubbane vart enige seg i mellom om dato på terminlistemøte i januar. Likevel må me innrømma at det å ikkje gå med på å utsetta kampar når situasjonen til motstandaren er slik som av oss no, er ei haldning som me i VIL-fotball ikkje ville ha gjort oss sjølve bekjente med. På det nivået me spelar på skulle ein tru at klubbane kunne vera litt runde i kantane med kvarandre, men som sagt så er Polljen i sin fulle rett til å ikkje gå med på utsetta denne kampen.
Me forhøyrte oss og med kretsen, men det var lite dei kunne gjera så lenge Skavøypoll ikkje ville utsetta. Dersom me ikkje møtte til kamp fekk me beskjed om at laget ville bli trekt frå 4.divisjon, noko som var heller uaktuelt.
Denne situasjonen gjer sitt til at det er eit ekstremt heiltent VIL-lag som reiser oppover i morgon, fast bestemt på å plukka med seg 3 poeng uansett om me så me stilla med eine geitebukken til han Kurt som høgreving...
Skavøypoll
Som ny-nedrykka frå 3.divisjon hadde dei fleste rekna med at Skavøypoll skulle vera med i kampen om opprykk i år. Dette har dei ikkje klart å følga opp, og dei ligg faktisk no å kjempar heilt i botnen av tabellen saman med blant anna oss sjølve. Dei var faktisk det siste laget som vann ein kamp i avdelinga, men når dei fyrst slo til så var det til gangs med 6-1 siger borte mot Førde 2 i forrige runde.
Dei rapportane me sit med seier imidlertid at prestasjonane har vore betre enn resultata og me vert ikkje overraska om laget er å finna på øvre halvdel når me nærmar oss sesongslutt.
Veitastrond har aldri spelt mot Polljen før, og me gler oss til å reisa oppover og testa oss mot dei i morgon.
God plass i bussen
Kampen startar kl 15:00, og me reiser frå Skysstasjon med buss kl 10:30. Dersom nokon ynskjer å vera med oppover for å skoda, så er det mulighet for dette då me har god plass i bussen. I morgon skal dei fåe som er med få sleppa gratis inn på bussen.
Kanskje vert det anledning til å køyra "sosialt" på vegen heim?
Veitastrond spelar i sine blåe drakter, og kampen går på kunstgras.
|