|
Før kampen; Syril - Veitastrond

Det er klart for lokaloppgjer i 4.divisjon når Syrstrond står ansikt mot ansikt med Veitastrond i morgon. Medan grasbana til Syril ligg som ein nedsarva potetåker og er stengt for all aktivitet, så inviterer dei oss i staden ned på grusbana si i det som kan bli ein skikkeleg knokkelkamp ute på Leikanger. Veitastrond har for alvor vakna etter den dårlege vårsesongen og står med 9 av 12 mulige poeng på dei 4 fyrste haustkampane. Syril er ikkje mykje dårlegare (faktisk ein del betre..) då dei er det store formlaget i divisjon og er faktisk oppe og snusar på ein opprykksplass om dagen. I morgon legg me imidlertid tabellposisjonar og formkurver på hylla når dei to laga startar opp på stillinga 0-0 i ein kamp der alt kan skje!
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Even
Øyvind - Geir - Erlend - Kim Andre
Bjørn - Emil - Helge
Arne - Frode - Kurt
På benken; Frank, Gaute, Kenneth, Øivind, Morten, Åsmund, Gøran, Richard og Øystein.
Dei som ikkje vert med er Jon Arne, Jan Erik og Vidar.
Den observange VIL-fan kan sjå at Veitastrond har så godt som fulltallig stall klar til denne kampen. Dei 3 som ikkje vert med har ikkje vore mykje involvert i det siste, og det var einaste Vidar me kanskje hadde rekna med til denne kampen. Med 20 mann tilgjengeleg gjer dette trenarduoen det luksusproblemet dei har drøymt om heile sesongen, og kampen om plassane har truleg aldri vore større i Veitastrond Fotball.
Med så mange spelarar klare gjer dette oss ei utfordring der me må prøva å gje flest mogleg speletid samt at me og må spela inn eit lag - ein hårfin balansegang dette. Frå laget som starta mot Eid 2 kjem Geir inn i midtforsvaret for Kenneth som slit med ein liten skade, men ikkje verre enn at han ikkje kan sitta på benken. Framover på bana kjem Arne og Bjørn inn for Richard og Åsmund. Samme endringane vart alt gjort i pausen mot Eid 2 og det fungerte så bra at me startar med dette i morgon.
I mål kjem Even tilbake på laget dersom han melder seg sjølv skadefri. Viss ikkje han gjer det så er det Gøran som står klar til å steppa inn og holda nullen.
Med den gode starten i haust har me for alvor fått kontakt med laga framfor oss på tabellen, og med 3 poeng i morgon vil me for fyrste gong på lenge komma oss over nedrykksplass, riktignok med ein kamp meir spelt.
Syril jagar opprykk
Dei gulkledde syrstrendingane var ikkje spådd å vera i toppen før sesongen, og dei opna heller ikkje som eit topplag. Etterkvart har dei fått fart på sakene og dei er no det store formlaget i divisjon. Om me ikkje tek feil har dei 6 kampar utan tap, og dei vann sin forrige kamp med overbevisande 6-2 borte mot Førde 2. Dette har gjort til at dei no ligg på 4.plass på tabellen berre 3 poeng bak Sandane som innehar 2.plassen.
I sommar henta dei inn den gamle trenarkjempa Svein Røysum og han har etter våre rapportar hatt ein positiv innverknad på laget. Han skal visstnok ha innført ein del nye reglar kva disiplin angår...
I seriesamanheng har me berre møtt Syril ein gong før og det var når me tapte 3-4 "heime" på Sogndal Stadion mot dei i vårkampen. Ellers har me spelt mot Syril 2 i 2004 der me på nettopp grusbana deira vann 4-3, og tok då vår fyrste siger i seriesamanheng nokon gong.
Tatt i tabellposisjon og formkurve si betraktning så stiller Syril som klare favorittar til denne kampen.
Ta vegen ut på Leikanger
Er det ein bortekamp du som VIL-fan bør få med deg i år er det nettopp denne kampen mot Syril. Grunnen til det er såre enkelt og det er at det er den bortekampen med klart kortaste reisetid.
Kampen startar kl 18:00, og for den som endå ikkje har fått det med seg - kampen går på grusbana, eg gjentek, på grusbana ute på Syril Stadion.
|