Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Vadheim/Høyang 2 - Veitastrond

Etter det forsmedelege tapet mot Breimsbygda i fyrste serierunde har det vore ei lang ventetid for eit revansjesugent Veitastrond, men i morgon er endeleg ventetida over. Då tek me ferja over til Dragsvik og køyrer vidare til Høyanger for å spela mot Vadheim/Høyang 2 på Sletta.

Laget som startar i morgon er truleg;

Gøran

Frank - Sindre - Even - Kim Andre

Petter - Morten - Emil - Kurt

Richard - Frode

På benken; Ole Kristian, Jan Erik, Øyvind, Jon Arne, Øystein, Gaute og Vidar

Øivind Kristiansen fekk raudt kort mot Bremisbygda og er suspendert til denne kampen. I tillegg har me fått forfall frå Bjørn, Ivar, Kjell Ronny, Arne og Geir som alle jobbar. Arvid står og over, men dersom nokon av dei 18 andre melder forfall kjem han inn. I tillegg veit dei fleste no etterkvart at Helge framleis er bortevekk med praksis.

Tøff motstand

Me møter i morgon serieleiar Vadheim/Høyang 2 som imponerte med heile 5-0 siger mot Jølster 2 i fyrste kamp. Dette resultatet talar i grunn for seg sjølv, men så tidleg i sesongen er det likevel vanskeleg å seia kor bra det er. Jølster 2 rykka opp som nummer 3 frå 6.divisjon i fjor, og sidan begge laga er rekruttlag vil dei truleg svinga ein del i sine kampar.

For vår del blir dette eit nytt bekjentskap for oss, og det vert fyrste gongen me spelar kamp inne i Høyanger. I utgangspunktet skulle me ha spelt kampen heime på Leikvoll, men sidan kong vinter ikkje heilt vil sleppa taket er me glade for at Høyanger gjekk med på å byta om på terminlista.

Ny busstur

Me tek oppatt suksessen med å køyra buss til bortekamp, og Fjord 1 står klar med si vogn kl 16:15 i morgon. Spelarane tek med 100 kr kvar for betaling av buss.

Kampen startar kl 19:00. Truleg vert det på gras, men for sikkerhetsskuld anbefalar me spelarane å ta med sko til både gras og grus. Me spelar i våre blåe drakter.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com