Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Vik - Veitastrond

Veitastrond tek i morgon turen over fjorden for å spela mot 4.divisjonlaget Vik. Diverre har me fått ein del forfall til denne kampen, så det er ein noko slunken tropp me te med oss. Det positive me det er sjølvsagt at me sparar nokon kroner på ferja.

Dei elleve som truleg startar i ein 4-4-2 formasjon er;

Gøran

Frank - Sindre - Øivind - Kim Andre

Øyvind - Emil - Kurt - Bjørn

Richard - Geir

På benken; Jan Erik, Jon Arne og Øystein.

Vidar og Frode er ute med skade, Even jobbar, Ole Kristian har vore sjuk heile veka, Morten og Petter er på ferie, Ivar og Helge er i praksis med sine studier medan me heller ikkje ventar at Arvid, Arne eller Gaute vert med oss i morgon.

At berre 14 av 25 er med er sjølvsagt noko skuffane, men så lenge alle har gyldig fråvær er det eigentleg ikkje noko å seia på dette. Me som reiser er uansett heil tende på å spela kamp igjen, og vonar me kan gje Vik skikkeleg motstand.

Det store forfallet går stort sett ut over to av potetene våre; Frank og Geir, som begge må spela i litt uvante posisjonar. Det vert spesielt spennande å sjå korleis Geir taklar ei rolle på topp, etter å ha vore mest brukt i det bakerste leddet dei siste sesongane. For Frank vert nok ikkje backrolla så veldig ukjendt, men det er liten tvil om at det er sentralt på midten han aller helst vil spela. Uansett er me sikre på at begge gjer 100% saman med resten av laget, og løyser oppgåvene sine på ein tilfredstilland måte.

Nytt bekjentskap

Vik bli eit nytt bekjentskap for VIL-fotball i morgon. Dei spelar til dagleg i 4.divisjon, og er venta å havna slik ca midt på treet i årets sesong.

Me veit ikkje så mykje meir om motstandaren vår, men ser me på resultata før i vinter ser me at dei blant anna slo Dale med imponerande 5-2 medan dei rauk 0-2 mot Syril som me slo 3-2. Ut i frå desse resultate er det litt vanskeleg å seia kva me kan venta oss i morgon, men me gler oss uansett til å ta turen til Vik og endeleg få litt matching igjen.

Kampen startar kl 12:00, og går på grusen i Vik. Reknar med ein del fans tek turen i morgon...

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com