|
Før kampen; Veitastrond - Dale

Vinn eller forsvinn, 3 poeng eller ein omgang med deng, ta sigeren heim eller stikk borti fjøsen å heng deg i ei reim...vel, ordspela er mange, men i den situasjon Veitastrond er i om dagen byrjar dette å nærma seg sanninga. I morgon kjem Dale på besøk til Leikvoll og med tanke på at me framleis er 3 poeng bak sikker plass byrjar det no verkeleg å bli alvor Halvor. Då er det kanskje ikkje det beste utgangspunktet at det er årets suverene lag i 4.divisjon som kjem på besøk, og Dale har alt sikra seg KM-tittelen sjølv om det er 12 poeng igjen å kjempa om. Me får berre kryssa fingrane for at Stian Neset sine elevar er trøytte av suksess og ikkje har gassen i botn til denne kampen.
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Even
Øyvind - Geir - Erlend - Kim Andre
Bjørn - Emil - Helge
Frode - Richard - Kurt
På benken; Frank, Gaute, Øivind, Ole Christian, Arne, Gøran og Øystein.
Kenneth står over grunna jobb, medan Åsmund er suspendert. I tillegg vert truleg heller ikkje Jon Arne, Morten, Jan Erik og Vidar med.
Frå kampen mot Saga er Åsmund og Arne ute av laget og inn kjem Erlend og Frode. Dette vil seia at me stort sett beheld grunnstammen i laget for 3. kamp på rad og forhåpentlegvis vil dette gje resultat i morgon.
Situasjonen for Veitastrond er altså slik at me framleis ligg på nedrykksplass, 3 poeng bak Førde 2 og 4 bak Lærdal. Dersom me skal ha noko sjanse til å overleva må me truleg vinna minst 2 av dei 4 siste kampane, men aller helst bør me nok ha 3 sigrar for å vera sikre. Dei to heimekampane vert utruleg viktige og me vonar at Fort Leikvoll viser seg fram i morgon.
Ingen hale på Dale
Nix pix, det er ikkje nokon andre lag som har klart å halda følge med Dale denne sesongen. På 18 kampar står dei med imponerande 16-1-1 og ein målsklinad på 56-23 (Veitastrond har til dømes meir enn 3 gonger så mykje baklengs...) Me kan sjølvsagt håpa på at laget ikkje har den heilt store motivasjonen mot slutten no når alt er avgjort, men me trur det ikkje. Laget er pur ungt med ein snittalder på godt under 20 år og me tippar dei er sugne på avslutta sesongen med stil.
Vårkampen tapte me 3-1 på Dingemoen i ein av dei beste kampane me har spelt denne sesongen. Faktisk hadde Veitastrond serievinnaren i kne i store deler av kampen, men takka vera eit inneffektivt VIL-lag vart det ikkje noko poeng med heim.
Med vårkampen friskt i minne, og vissheta om at me har alt å spela om medan Dale kun har æra, så har me trua på at me kan tukta morgondagens motstandar og ta 3 viktige poeng.
Tidleg fredagkamp
Denne kampen vert spelt kl 17:00 i morgon og dei tilskodarane som jobbar som sjølvstendig næringsdrivande med jordbruk som forretningside må finna ut om dei skal ta fjøsstyren før eller etter kampen!
Det vart kiosksal og inngang er kr 50,-
Bli med og støtt opp om Veitastrond sin kamp om fornya billett i 4.divisjon.
VEL MØTT TIL KAMP!!!
|