Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Eid 2

Ein ny viktig kamp står for tur når Veitastrond i morgon tek i mot Eid 2 på Leikvoll Stadion. Dette vert eit reint botnoppgjer der nummer 11 og 12 i årets 4.divisjon møtes til dyst. Morgondagens gjester tok sin einaste siger så langt i år då dei slo oss 5-4 i vårkampen, så Veitastrond har ein del å revansjere denne gongen. For fyrste gong på lenge har VIL mange spelarar å ta av og hovudtrenar Emil Heggestad opplevde noko så sjeldant som å ha eit aldri så lite luxusproblem i samband med laguttaket. I tillegg kjem Tor Odd Kvam til å fyra opp grillen så publikumet får anledning til å gassa seg med nokre steikte kotelleter medan dei forhåpentlegvis ser at Veitastrond tek 3 poeng mot eidarane. Det meste ligg an til ein real folkefest på Veitastrond i morgon...

Veitastrond stiller truleg med følgande lag i morgon;

Gøran

Øyvind - Kenneth - Erlend - Kim Andre (c)

Emil - Richard - Åsmund

Frode - Kurt - Helge

På benken; Even, Frank, Gaute, Geir, Øivind, Bjørn, Arne og Øystein.

Dei som ikkje vert med er Jon Arne, Jan Erik, Morten og Vidar.

Emil må ha ein siste sjekk på si eiga helse i kveld og dersom han ikkje består denne testen så startar Bjørn på midten for han. I følge Emil sjølv er det tvilsamt om han faktisk kjem til å vera involvert i morgondagens kamp. Even slit med skuldra og overlet dermed keeperplassen til Gøran, og set sjølv på benken som utespelar. Arne slit og med ein skade og det er og noko usikkert om han i det heile rekk denne kampen grunna andre ærend.

Uansett var det mykje smågodt å velga frå hyllene denne gongen når trenarduoen skulle ta ut dei 11 som skal starta. Spesielt i forsvaret var det kamp om plassane og her må Geir og Frank finna seg i å starta på benken. Geir har ikkje vore med på hverken trening eller kamp siste veka og vart difor ofra denne gongen.

Framover på bana vert laget styrka av at Frode er attende etter å meska seg på sydlege breddegrader den siste tida.

Eid 2

Morgondagens motstandar har i likhet med Veitastrond fått ein tøff tilværelse i årets 4.divisjon. Dei står med fattige 5 poeng etter 14 kampar og tok altså sin einaste siger så langt i sesongen mot oss i vår. Dei vann 5-4 den gongen i det som står som den dårlegaste gjennomførte kampen frå vår side i år.

Laget har flest baklengs og minst scora mål i divisjon, der det styggaste tapet kom med 0-10 mot Sandane. Dei kjem til Leikvoll i morgon med 6 strake tap i kofferten.

Uansett korleis ein vrir og vender på det så må Veitastrond for fyrste gong i år finna seg i å vera favorittar før ein fotballkamp. Det vert dermed utruleg viktig at kvar og ein ikkje trur at dette skal gå av seg sjølv, men gå utpå bana med den samme gode innstillinga me såg mot Selje forrige helg.

Grillfest

Dersom været blir nokonlunde bra så kjem Tor Odd til å fyra opp grillen i morgon og det vert anledning til å ta middagen på Leikvoll. Alltid pålitelege yr.no spår følgande frå oven i morgon;

I morgen
23.08.2009

Delvis skyet 14° Flau vind, 1 m/s fra sørøst
Ganske sikkert
Ganske sikkert
Ganske sikkert

Delvis skyet. Flau vind, 1 m/s fra sørøst. 1,1 mm nedbør i døgnet

Ser bra ut med andre ord.

Denne kampen er framskunda ein halvtime og startar kl 14:30 - MERK TIDA!

Inngang er kr 50,- og me ynskjer stor og små vel møtt!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com