Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Førde 3

Bygd står mot by når Veitastrond Fotball i morgon reiser av stad til Skei i Jølster for å spela KM-finale mot Førde 3. Dette vert fyrste gong VIL spelar mot eit bylag, og det er og fyrste gongen at klubben spelar ein finale i noko som helst og lysta til å ta med seg pokalen heim er sjølvsagt stor. Sjølve kampen betyr ikkje så mykje meir enn heider og ære for nokon av laga, og her skulle det vera mogleg å senka skuldrane og spela festfotball.

Veitastrond startar truleg med følgande lag;

Gøran

Øyvind - Øivind - Kim Andre - Frank

Bjørn - Morten - Helge - Emil

Richard - Frode

På benken; Even, Jan Erik, Arne, Øystein og Vidar.

Dei som ikkje vert med er Kurt som allereie har fått innvilga tidlegare ferie, Geir som soner karantene og i tillegg har og Ole Kristian meldt forfall. Det er heller ikkje venta at Arvid, Jon Arne og Gaute kjem til å bli involverte i kampen i morgon.

Trenarduoen vel denne gongen å starta med dei samme som spelte i seriefinalen mot Bjørn. Einaste endringen er at Emil kjem rett inn som venstreving i staden for ein ferierande Kurt. Kampen mot Bjørn var godt gjennomført, og alle som starta den fortener å halda fram i denne kampen. Dvs at vår kaptein Even må finna seg i å slita benken i denne kampen, og Kim Andre held difor fram som "captain of the crew".

Sidan Bjørn kampen har VIL-fotball haldt fram med å trena, og me lyt gje spelarane ros for den viljen dei har vist i denne perioden. På slutten av haustsesongane er det vanleg at folk vert leie og ein får lite folk på trening, men hjå VIL i 2008 ser det ut som at folk berre vert meir og meir ivrige. Dette er fantastisk positive, og me vonar spelarane tek med seg denne gløden inn til neste sesong.

Førde 3

3.laget til Førde har dei siste to sesongane gått akkurat samme vegen som Veitastrond. I fjor så sleit dei seg til opprykk frå 6.divisjon, då dei rykka opp som nummer 2 i si avdeling, og akkurat som oss så rykka dei dermed opp takka vera at kretsen la om divisjonssystemet.

Denne sesongen har dei teke 5.divisjon med storm, og har i likhet med oss vunne si 5.divisjonsavdeling. Diverre for Førde 3 så får dei ikkje rykka opp då Førde 2 allereie spelar i 4.divisjon. Førde 3 har i år eit snitt på 2 poeng pr kamp, medan Veitastrond har teke i snitt 1,9 poeng pr kamp i si avdeling. Førde 3 har +15 i målskilnad, medan VIL har +13 poeng.

Med andre ord er det minimalt som skil prestasjonane til desse to laga dei to siste åra, og det meste skulle då ligga til rette for ein spanande kamp i morgon. 

Våre rapportar frå Førde leiren fortel om eit ungt og lovande Førde 3 lag som truleg kan knekka VIL på kondisen, men som har ein del å gå på mot den rutinen som etterkvart er å finna i Veitastrond sitt mannskap. Det meste er eigentleg ope om det er bygd eller by som stikk av med KM-tittelen i 5.divisjon 2008!

Spelar på Skei i Jølster

I utgangspunktet skulle finalen vorte spelt over to kampar på begge laga sine heimebaner, men klubbane har vorte einige seg i mellom om å spela ein kamp på nøytral bane. Me møtes difor på midten på kunstgrasbana på Skei i Jølster. VIL-fotball har spelt her ein gong tidlegare, då me tapte 5-6 mot Jølster 2 i haust.

Det er oppsett både dommartrio og observatør til denne kampen, og vinnarlaget vil venteleg motta pokalen etter kampen.

Kampen startar kl 15:00, og me vonar at flest mogleg nyttar søndagen på Skei i morgon. (dette vert siste sjanse å sjå VIL-fotball i aksjon i 2008!!!)

Me er rimeleg sikker på at det er gratis inngang...(det er G R A T I S folkens!!!)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com