Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Gaular

Endeleg - etter å ha byrja med 3 strake bortekampar er det no duka for årets fyrste heimekamp. På motsatt side står for oss det ubeskrevne bladet Gaular, på sidelinja står vårt elleville publikum, bak mål står vår største fan Johannes og i kisoken står Rakel og Ingrid klar med pølser og heimelaga potetkaker - det er så me allereie kjenner lukta av Leikvoll Stadion.

Laget som byrjar i morgon er;

Gøran

Frank - Sindre - Even - Kim Andre

Petter - Emil - Morten - Kurt

Richard - Frode

Resten av spelarane vert på benken. Sidan det no er heimekamp tek me ikkje ut ein tropp, då me reknar med at alle mann som er disponible møter opp uansett. Ta difor med sko og drakt!

Dei einaste me veit som heilt sikkert ikkje blir med er Helge og Øystein.

Som de ser på fyrsteellevaren så har me berre gjort eit skifte frå forrige kamp ved at Frank går inn igjen for Ivar på høgreback. Frank var ikkje tilgjengeleg mot KIL2, og Ivar kom då inn og gjorde ein kanonmatch. Likevel gjer me Frank tilbake tilliten til denne kampen. Av dei andre spelarane på benken vurderte me å setta Bjørn innatt på laget, men sidan han ikkje har trent med oss på ei stund grunna jobbing har me valt å behalda dei 4 på midtbana.

Gaular

Kampen i morgon vert vårt fyrste bekjentskap med Gaular. Faktisk er det så me knapt veit kor ein skal køyra for å komma til denne staden, og me har ein mistanke om Gaular har det på same viset med oss. Så får me heller sjå om motstandaren vår finn fram, og møter til start i morgon...

Gaular har vore i 5.divisjon i nokre år no, og i fjor enda dei som nr 6 av 9 lag. I år har dei eit godt håp om å vera med heilt i toppen, og dei har blant anna forsterka stallen med tidlegare Kaupanger spelar Mads Ludvik Kapstad, som skulle vera ei solid forsterking i 5.divisjon.

Dei har riktignok ikkje byrja sesongen så veldig bra, då dei har tapt 2-1 mot dei to andre lustralaga Hafslo og Bjørn, men fekk vist seg fram i forrige kamp då dei slo jumbo Jølster 2 med heile 9-1.

Me reknar med ein knalltøff kamp i morgon, og med siger her vil me for alvor vera med heilt heilt i toppen. Skulle me tapa så missar me fort terreng til teten, medan Gaular kjem opp a poeng med oss.  

Leikvoll Stadion

Etter ein tøff vinter ser no Leikvoll Stadion meget bra ut. Pr dags dato er dette den einaste flekken på Strondi som er skikkeleg grøn (i motsetnad til i Sogndal - der Fosshaugane som regel er den siste flekken som vert grøn...), og dette har me alt å takka vår banemann Johannes Nes for. Han har dulla å stelt med grasteppe 24 timar i døger sidan snøen forsvann, og dette har gitt synlege resultat. Me er evig takknemleg for innsatsen som denne mannen legg ned, og me vonar at han held fram i same duren framover og.

Møt opp

Kampen i morgon startar kl 19:00. Inngang er 40,- pr snute.

Det vert kiosksal på sidelinja, og underhaldning på grasmatta.

Me oppfordrar bygdafolket om å møta opp til kamp!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com