|
Før kampen; Veitastrond - Jølster 2
Leikvoll ligg no grøn og fin heima, benkane er på plass, grillmaten er kjøpt inn og Tor Odd Kvam melder seg til teneste ca kl 15:00 i morgon. I følge meldingane vil og værgudane vera på lag med oss. Det einaste som då gjenstår for å gjera dagen komplett er at dei 11 som startar for Veitastrond mot Jølster 2 i morgon klarar å halda fokus på det som skjer på bana i 90 minutt, og ikkje drøymer seg bort i all grillmaten som skal forgrøypast etter kampen. Alt skulle ligge til rette til ein fin dag for fotball på Veitastrond.
Dei 11 som sannsynlegvis startar i morgon;
Gøran
Frank - Geir - Øivind - Kim Andre
Bjørn - Petter - Emil - Kurt
Richard - Frode
På benken; Ole Kristian, Jon Arne, Gaute, Ivar, Øyvind, Øystein, Jan Erik og Arne.
Even soner karantene etter 3 gule kort, Morten og Vidar er begge skadde (i håve?) medan Sindre har tatt farvel med Strondi.
Det vil då seia at me i morgon må komponera eit heilt nytt stopparpar med Geir og Øivind. Even og Sindre har vore solide bak der i år, og det vert spanane å sjå korleis dei to nye klarar seg mot Jølster 2. Me trur dei kjem til å løysa oppgåvene sine på framifrå vis.
Til heimepublikumets si store begeistring er og Bjørn Molland tilbake i startellevaren. Han har ikkje starta sidan fyrste kampen mot Breimsbygda grunna mykje jobbing i Årdal, og han har heller ikkje vore så mykje involvert i kamp eller trening som hverken han eller klubben hadde ønska.
Sidan Even soner karantene vert dette fyrste kamp for Kim Andre som kaptein. Han vart utnevnt som visekaptein før sesongen, og i morgon er det han som må vera hærførar ute på bana.
Jølster 2
Morgondagens motstandar har starta sesongen på verst mogleg vis, og har tapt alle kampane soleklart. I følge uoffisielle rapportar er det eit lag som er i ferd med å gå opp i liminga, og dei har slete med å få med nok folk til enkelte kampar.
Me må dermed finna oss i å vera favorittar til denne kampen, men ser me på historien til klubben er dette ein kamp me godt kan få trøbbel i. I fjor var me i ein liknande situasjon då me leia tabellen saman med Hafslo etter 5 kampar, men før ferien gjekk på me på to blemmer heime mot Sogndal 3 (4-10!!) og Aurland /Lærdal 2 (2-3). Me kjem sjølvsagt til å forbereda oss som vanleg, og tek absolutt ingenting for gitt i denne kampen.
Me har aldri før møtt Jølster 2, men spelte treningskamp mot fyrstelaget i vinter. Då tapte me knepent 2-4.
Folkefest
Kampen er forhåpentlegvis godt annonsert no, og me ventar storinnrykk i morgon. Sjefsgrillar Tor Odd Kvam er klar med koteletten sine, og me vonar det er eit svoltent publikum som møter opp.
Kampstart er kl 15;00, og er det ein folkefest du skal ha med deg i år så er det denne!
|