Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Årdal 2

Det vert noko så sjeldan som ein måndagskamp på Leikvoll Stadion i morgon når Årdal 2 kjem på besøk til Veitastrond. Dette vert ein av mange viktige kampar på slutten av årets sesongen og VIL har no for alvor kniven på strupen. Før denne kampen er Veitastrond 6 poeng bak sikker plass på tabellen med ein kamp mindre spelt. Det er ny kamp igjen på torsdag og dersom alt klaffar så kan me vera oppe på samme poengsum som Førde 2 til helga. No skal me kanskje ikkje telja alt for mange poeng som me endå ikkje har fått og me får fyrst og fremst konsentrera oss om årdølene og morgondagens kamp. Vårkampen tapte me med heile 5 mål - noko som er årsverste, så det er ei stor utfordring som står for tur for Veitastrond her.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Even

Øyvind - Geir - Kim Andre - Åsmund

Bjørn - Emil - Helge

Frode - Richard - Kurt

På benken; Erlend, Frank, Gaute, Kenneth, Øivind, Morten, Ole Christian, Arne, Gøran, Vidar og Øystein.

Dei som ikkje vert med er Jon Arne og Jan Erik. I tillegg er det ein del spørsmålstegn til dei som er lista opp på benken, men me får sjå kor mange som møter opp. Kan nevna at Erlend er satt opp på benken då han slit med ein skade, og det er uvisst om han i det heile vert å sjå på benken i morgon.

Veitastrond kjem til denne kampen frå ein turbulent periode der me har mista dei 3 poenga me tok mot Selje og me kjem seinast frå eit surt tap mot Syril. I tillegg har været gjort sitt til at me fekk ei dårleg treningsveke før denne kampen, men det positive får vera at dei fleste spelarane våre er både skadefrie og speleklare.

For Veitastrond sin del er eigentleg saken ganske grei i det me no går inn i dei siste 6 kampane av sesongen. Me er 6 poeng bak sikker plass på tabellen og utgangspunktet vårt er at me går for å ta samtlege 18 poeng som me har att å kjempa for. Sjølv om me har nokre tøffe kampar på programmet så er det ikkje lengre noko kampar der me kan tåla å tapa. Me har no lite å tapa og alt å vinna og satsar på at dei 3 poenga vert verande igjen på Strondi i morgon.

Årdal 2 i ingenmannsland

Morgondagens motstandar er ein av få lag som ikkje ser ut til å bli med i hverken opprykk- eller nedrykksstrid i årets 4.divisjon. Riktignok vil dei med 3 poeng mot oss berre vera 3 poeng bak opprykk, men me trur at her er så mange andre lag som kjempar at årdølene ikkje vil klara å vinna fram.

Det er vanskeleg å vita kva lag Årdal 2 kjem med i morgon, men me veit at fyrstelaget deira har slitt litt med folk i haust og dette gjer nok og utslag på andrelaget. Av dei spelarane som ikkje starta for fyrstelaget i helga kan me nevna Morten Brandsdal og Johan Traustassjon, og dersom desse to kjem på Leikvoll i morgon kan me nok få noko å bryna oss på her.

Vårkampen mellom desse to laga var av den spesielle sorten der Veitastrond spelte ein meget god 1.omgang og leia fortent 2-1. Etter kvilen rakna det imidlertid og me slapp inn heile 4 mål på dei fyrste 10 minutta av 2.omgang. Bortsett frå dette var kampen jevnspelt, og me har god tru på at me denne gongen kan matcha årdølene gjennom samtlege 90 minutt.

Måndagskamp

Det er i morgon klart for måndagskamp på Leikvoll Stadion.

Kampen byrjar kl 18:00, og dette vil seia at det ikkje skulle kollidera alt for mykje med fjøsstyren til folk. Me håpar at folket kjem og støttar eit Veitastrond lag som er i poengnød føre denne kampen.

Me ynskjer store og små vel møtt!!!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com