Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Askvoll/Holmedal

Då er det klart for siste kamp før 4.divisjonsspelarane tek seg ein velfortent sumarsferie. Veitastrond tek denne gongen i mot Askvoll/Holmedal på Leikvoll, og det er eit heimelag i poengnød som entrar bana i morgon. For det er ein veldreven fotballklubb me sit på om dagen; me er gode på arrangement, har kontroll på økonomien og har vore dyktige på transferfronten i det siste. Det einaste som manglar no er sportsleg framgang og me vonar at denne kjem allereie mot Askvoll/Holmedal. Det er ellers venta mykje folk på Leikvoll i morgon med meldingar om strålande vær, sal av grillmat og eksklusivt sal av heimelaga kvit mølse - vis meg nokre andre fotballstadionar i verda som har dette tilbodet på sine heimekampar.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Patrik

Frank - Erlend - Geir - Even (c)

Arne - Bjørn - Emil - Åsmund

Richard - Kurt

På benken; Gaute, Øivind, Vidar, Øystein og Frode (there`s a new kid in town...)

Dei som ikkje blir med denne gongen er; Jon Arne, Øyvind, Kenneth, Morten, Gøran, Helge, Kim Andre og Jan Erik.

Med tanke på forrige kamp mot Skavøypoll når me berre var 12 mann, og det at det er sommar- og ferietid så er me godt nøgde med å kunne samla i saman ein tropp på 15 spelarar. Frå forrige helg er 4 mann ute og inn kjem det 9 stk - bugnar diverre ikkje for stabilitet dette.

Det er sjølvsagt kjekt å kunne introdusera Frode Kvåle som Veitastrond-spelar og saman med Patrik Fritzon vil han truleg få sin debut på Leikvoll Stadion. Me er sikre på at VIL-fansen tek godt i mot vår nye juvel...

Denne kampen vert av det ekstremt viktige slaget, og me lyt verkeleg til å sanka inn poeng snarast viss ikkje me skal spela i 5.divisjon neste år. I tillegg til at me har lite poeng er det og eit problem at det ikkje er så mange andre lag som ser ut som nedrykkskandidatar. Med eit nytt tap i morgon vil me saman med Eid 2 vera heilt åleine i nedrykkstriden, men med siger vil me trekka Syril og Førde 2 ned i sumpa og me krysser fingrane for at dette vil vera faktum etter morgondagens kamp.

Askvoll/Holmedal

Morgondagens motstandar Askvoll/Holmedal var av mange tippa i botn av årets 4.divisjon, men dei har i staden overraska positivt. Dei ligg no på ein 4.plass, men med siger mot oss i morgon kan dei ta ferie på 2. og opprykksplass dersom Sandane avgjer poeng mot Syril.

Før årets sesong kom tidlegare Sogndal og Førde spelar Benny Rivedal inn som spelande trenar, og han skal nok ha mykje av æra for framgangen dei har hatt i år. Ei av oppgåvene til Veitastrond i morgon vert å nettopp passa på Rivedal og ikkje gje han for mykje spelerom.

Askvoll/Holmedal har vore mykje betre heime enn borte i år, og me trur så absolutt ikkje det er noko umogleg oppgåve å ta poeng mot dei - helst alle 3 takk!

Ny folkefest på Leikvoll

Det er venta mykje folk på Leikvoll i morgon. Værmeldingane er på vår side og Peremann står på rett side av grillen og når i tillegg ho Åshild slår til med heimelaga kvit mølse - ja då trur me at folk veit å finna si besøkstid på Veitastrond i morgon.

I tillegg har me no fått inn vår nye kolleksjon av supportarutstyr, som vil bli mogleg å kjøpa i morgon. Me har t-skjurter, langerma skjurter og skjerf - alle med stilfullt Veitastrond design. Dette er akkurat kommet på plass, og me kjem tilbake med meir om dette til veka og me satsar på å opna vår eiga nettshop her på veitastrond.com.

Kampen startar kl 15:00 og me ynkjer vel møtt!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com