Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Bjørn

Det nærmar seg no for alvor søndag og seriefinale i 5.divisjon avd.1. Me tykkjer ikkje me kan seia at me tek i mot Bjørn på vår heimebane, men seier heller at begge lag i morgon reiser til Moane og Hafslo Stadion for å gjera opp seg i mellom. Det har vore ein spanande sesong for VIL-fotball som har innehaldt mykje dramatikk, men alt i alt vore ein stor opptur. Me vonar at me avsluttar sesongen med ei positiv oppleving i morgon og tek opprykkstoget til 4.divisjon. Uansett kjem dette til å bli ein gysare av dei sjeldne, og me trur på ein folkefest i Moane i morgon.

Veitastrond reiser med følgande tropp til Hafslo i morgon;

Gøran Fimreite, Kim Andre Navarsete, Ole Kristian Vikheim, Øivind Kristiansn, Gaute Olstad, Bjørn Molland, Helge Skjælaaen, Emil Heggestad, Frank Heggestad, Øyvind Lien, Kurt Heggestad, Morten Hagen, Jan Erik Bøyum, Arne Nes, Richard Nes, Vidar Vadseth og Frode Kvam.

Dei som ikkje vert med er Even Kvam og Geir Aardal som begge soner karantene etter å ha vorte utviste i forrige kamp mot Jølster 2. Arvid Heggestad og Øystein Heggestad som har funne på det utrulege å reist til syden midt i skjebneveka til VIL, samt Jon Arne Fimreite som ikkje har vore involvert sidan i vårsesongen.

Trenarduoen får utvilsamt ei utfordring med å ta ut laget då dei som truleg ville ha danna stopparparet; Even og Geir begge er ute. Det vil seia at nye spelarar må drillast inn i vårt bakre ledd, men ser me på antall innsleppte mål i haust skulle dei vel ikkje ha det heilt stor presset på seg - så mykje verre blir det nok uansett ikkje. Framover på bana er dei fleste spelarane tilgjengelege, og ein kan her velja og vraka for å setta i saman eit godt offansivt mannskap. Tvilsomt om det er framover på bana det kjem til å svikta for VIL i morgon då ein målskilnad på 44-39 på siste 8 kampar skulle vera bevis godt nok på det er bakover det har skorta i haust.

Serieleiar Bjørn

Morgondagens motstandar Bjørn har overeke tabelltoppen frå oss etter at me har tapt våre to siste seriekamper. Dei hadde ein gyllen sjansen til å avgjera serien før denne kampen, men sidan dei berre klarde 2-2 heime mot KIL2 vert dette som rein seriefinale å rekna der vinnaren rykker opp. Med uavgjort vil Bjørn rykka opp då dei leiar med 2 poeng føre denne kampen. Kan og ta med at dersom VIL ikkje vinn denne kampen kan dei fort havna på 3.plass dersom KIL2 eller Gaular vinn kampen dei to i mellom.

Bjørn har vore stabilt gode heile sesongen, og står kun bokført med 1 tap som kom borte mot Breimsbygda i haust. Forutan tapet i Byrkjelo har dei ikkje rota seg bort i noko særleg grad og dei uavgjorte kampane har komme mot VIL, Hafslo, Gaular og 2x mot KIL2.

Vårkampen mellom desse to laga var høgdramatisk og enda 6-6 etter at VIL scora 2 mål heilt på slutten av kampen. Dei fleste hugsar nok spesielt det tilbakeståande blikket til siste målscorar Arne Nes i Sogn Avis dagen derpå - eit uforgløymeleg augneblink!

Kampen i morgon kjem garantert til å bli vel så dramatisk, og me torer ikkje spå noko som helst utfall. Truleg har begge lag potensial til å vinna kampen med 5 mål og alt under 10 mål til saman vil vera ei lita overrasking ;)

Folkefest i Moane

Me har stor tru på at det vil bli ny publikumsrekord for året til denne kampen og det vil seia godt over 200 mennesker. Det at kampen går på Hafslo gjer nok til at ikkje så mange strendingar møter opp som det ville ha gjort om det var på Leikvoll, men i staden trur me det bllir adskilligt fleire frå Gaupne, Hafslo, Sogndal etc. som kjem til å nytta søndagsettermiddagen på Hafslo i morgon.

Billettinntektene går som kjendt til Katrin Lerum sitt Minnefond, og i tillegg kjem det og til å vera eit loddsalg under kampen der inntektene går til samme sak. Me vonar difor at publikum kjem med open lommebok og ausar om seg med pengar, og støttar opp om Minnefondet.

Kan og informera om at me har fått lokalkjendisen Tom Wolff Navarsete frå Fjøra Fk til å vera speaker under kampen. Han er godt kjendt her i distriktet då han blant anna er spekar på heimekampane til både Sogndal og Fjøra. Tom er ein attraksjon i seg sjølv å høyra på, og han er nesten verdt inngongspengane åleine.

Sjølvsagt er det Torstein Egil Kvam som skal dømma kampen, og han har etter rykta med seg linjemenn til denne kampen...

Kampen startar kl 15:00 i morgon, søndag 28.september. Inngang kr. 50,- det vert kiosksal.

Møt opp og få med deg denne kampen, eller sit heime og ver ein tapar i samfunnet!

Veitastrond Fotball ynskjer VEL MØTT!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com